Hopp til innhold

Avisa Sogndal

Avisa Sogndal var ei lokal vekeavis som kom ut i Sogndal mellom 1997 og 1999.

Avisa Sogndal vart skipa og driven av A-pressa og skulle fylle tomrommet etter at forgjengaren, Sogn Dagblad, vart lagd ned. Det skulle vere ei politisk uavhengig vekeavis, og den første utgåva kom sommaren 1997.
Einaste redaktør for avisa var Torbjørn Rørvik. Han hadde tidlegare arbeidd i Sogn Dagblad. To journalistar og ein annonsekonsulent var òg tilsette frå starten. Avisa vart utgitt på nynorsk. Trykkeriet var Firda Trykk i Førde. Opplagstalet er ikkje registrert.
Ein særs lokal profil gjorde at Avisa Sogndal fekk få lesarar. Det vart difor aldri skikkeleg sving på økonomien, og underskotet var eit faktum etter kort tid. Nedlegginga følgde etter det som vart kalla årets avishandel i Sogn: Samstundes som A-pressa la ned Avisa Sogndal, selde mediekonsernet også Årdal & Lærdal Avis til konkurrenten Sogn Avis – som var den nest største og mest lønsame lokalavisa i fylket. Som betaling fekk A-pressa delar av aksjane i Sogn Avis. Nedlegginga av Avisa Sogndal medverka med dette til både mindre mangfald og mindre konkurranse i avismiljøet i området.
Kjelder
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
Terje Ulvedal: «Årets avishandel i Sogn», Bergens Tidende 25.6.1999
Avisa Sogndal, Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane, nrk.no: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Aviser_og_media_i_Sogndal [lesedato 25.5.2012]

Først publisert: 21.03.2014
Sist oppdatert: 21.03.2014