Faktaboks

Bømlo-Nytt
Offisielt namn
BØMLO-NYTT AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Bremnes
Stifta
1973
Dagleg leiar
Reidar Hystad
Styreleiar
Marit Kalgraf
Logo
Logo
Av .

Bømlo-Nytt er ei lokalavis for Bømlo kommune i Vestland. Ho vart grunnlagt i 1973 og kjem ut i papirformat på Bremnes to gonger i veka, elles som nettavis. Polaris Media er frå 2020 hovudaksjonær i Bømlo-Nytt. Avisa vert redigert på nynorsk.

Digitalt

Bømlo-Nytt starta med nettutgåve som ei forsøksordning i 1997, og endra det til permanent ordning frå 1999. Systemet med betalingsmur for ikkje-abonnentar vart sett i verk i 2013. Det daglege talet på lesarar av papirutgåva og nettutgåva var i 4. kvartal 2023 i gjennomsnitt 6313, ifølgje statistikk hos Mediebedriftenes Landsforening. Avisa har fleire podkastar.

Historie

Else-Marie Ovesen
Else-Marie Ovesen (f. 1932) hadde flytta frå Bergen til eit hus med berre éi buflate på Finnås, for å gjere forholda betre for hennar MS-sjuke ektemann. Fram til 1980 blei huset brukt som heimekontor. Mange middel blei tekne i bruk i konkurransen mellom Bømlo-Nytt og Bømlo i Tekst og Bilde. Ovesen bad innflytta ektefellar til medarbeidarar i BN om å ringe til BTB for å forhøyre seg om kva prisane for abonnement og annonsar ville bli det komande året. Sigve Sæverud, som fekk konkurransen i gang med etableringa av Annonseposten, er seinare engasjert som annonsekonsulent i Bømlo-Nytt.
Else-Marie Ovesen
Bømlo-Nytt.

Det vrimla av nye aviser etter EF-avrøystinga i 1972. Mange små stader fekk no aviser som skulle stette trongen for lokal informasjon, og som kunne målbere lokalsamfunnet sine interesser. I denne tida hadde Else-Marie Ovesen (f. 1932) flytta frå Bergen til Finnås. Der fann ho ut at det lokale næringslivet på Bømlo mangla eit annonseorgan. Ovesen laga planar for oppstart av ei avis og fekk 6000 kroner i startstøtte frå kommunen. 30. august 1973 fekk bømlingane endeleg si eiga avis, og etter seks veker hadde Bømlo-Nytt fått over 1500 tingarar.

Ovesen var åleine om avisdrifta fram til våren 1974. Då var sonen Stein-Erik ferdig med artium og gjekk inn i avisa. I 1990 overtok han som redaktør. I den fyrste tida kom avisa ut berre éin gong i veka, men frå midten av 1970-talet kom ho ut onsdag og fredag. I 1979 fekk Bømlo-Nytt pressestøtte for fyrste gong. Avisa blei skriven i heimen til Ovesen, og trykt i Ytre Arna. I 1980 blei heimekontoret bytta ut med nybygde avislokale på Finnås.

Etter år med overskot kom det eit negativt skifte då Annonseposten blei etablert i 1989. Denne gratisavisa var driven av Sigve Sæverud, som var ein tidlegare journalist i Bømlo-Nytt. Våren 1993 valde Jan Harald Larsen å seie opp stillinga si som redaksjonssekretær i Bømlo-Nytt på grunn av misnøye med avisdrifta. 10. september 1993 kunne Larsen og Sæverud presentere Bømlo i Tekst og Bilete. Med seg på laget fekk dei to journalistar som hadde sagt opp stillingane sine i Bømlo-Nytt i mai 1993. Annonseposten gjekk inn i Bømlo i Tekst og Bilete.

Avislokala på Bremnes var eigde av Leif Georg Amundsen, som også hadde store eigarinteresser innan dykking, flyselskap, hotell. Etter kvart eigde han også heile Bømlo i Tekst og Bilete.

Bømlo i Tekst og Bilete ville vinne konkurransen med låge prisar, men Bømlo-Nytt svarte med same mynt. Då Bømlo i Tekst og Bilete ville auke til tre utgåver i veka, hadde Bømlo-Nytt fått nyss i planane. I fredagsavisa 26. november 1993 kunne difor begge avisene fortelje lesarane sine at dei ville kome med måndagsutgåver.

I 1996 byrja Bømlo-Nytt å tære på eigenkapitalen, og Bømlo i Tekst og Bilete gjekk med millionunderskot kvart år. Amundsen sine andre prosjekt byrja å gå svært dårleg, og i 1997 fekk han store problem med å skaffe midlar til Bømlo i Tekst og Bilete. Bømlo i Tekst og Bilete hadde berre eit opplag på om lag 1500, medan Bømlo-Nytt sitt var på knapt 4000. Det heile enda med at Bømlo-Nytt kjøpte Bømlo i Tekst og Bilete for 1 million kroner den 19. desember 1997, og Bømlo-Nytt har sidan vore åleineavis på Bømlo.

Opplag

Opplagstall for Bømlo-Nytt, 1986-2022

1986 4101
1988 4152
1990 4098
1991 3915
1992 3968
1993 4039
1994 3783
1995 3727
1996 3564
1997 3455
1998 4051
1999 3873
2000 4177
2001 4021
2002 3989
2003 3795
2004 3560
2005 3512
2006 3381
2007 3398
2008 3407
2009 3337
2010 3301
2011 3152
2012 3198
2013 3294
2014 3188
2015 3141
2016 3205
2017 3204
2018 3418
2019 3555
2020 3630
2021 3707
2022 3810
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1978 3077
1988 4152
1994 3791
1998 4124
2008 3077
2015 3141
2016 3205
2017 3204
2018 3418
2019 3555
2020 3630
2021 3707
2022 3810
2023 4036

Fakta

  • Fyrste nr. 30. august 1973.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Bømlo-Nytt
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg