Hopp til innhold
X
Innhald

Bondebladet

Bondebladet, avis publisert mellom 1914 og 1935. Talerøyr for bonderørsla på Voss og bygdene omkring, før ho i 1922 vart flytta til Bergen som partiavis for det nyskipa Bondepartiet.

Etter at Bondebladet vart etablert på Voss i 1914, tok avisa over forlagsretten til den bergenske avisa Vestlandsbonden. Knut Lydvo var bladstyrar fram til 1918, då Olav Bjørgum tok over. Det var ei politisk vekeavis der jordbruket, bøndene og bygdekulturen var sentrale trema. Samstundes erklærte avisa i første utgåva at ho kjempa for målsaka.
Bondebladet konkurrerte med avisa Hordaland om posisjonen som lokalavis på Voss og hadde i dei første åra gode vilkår. Allereie i 1919 vart avisa utvida til tre utgåver i veka, og i 1920 var opplaget 2300. Til samanlikning hadde Hordaland same året eit opplag på 2500.
I 1921 vart Bondebladet partiavis for Bondepartiet, som var skipa året før, og fekk undertittelen «Organ for Noregs Bondelag i Hordaland, Sogn og Fjordane». I 1922 vart avisa flytta til Bergen, som eit forsøk på å utvide og auke lesarskaren. Redaktør i avisa mellom 1921 og 1928 var målmannen Johannes Lavik, som spela ei sentral rolle i avisa si nyorientering. Frå 1932 hadde avisa ei laurdagsutgåve i laussal, med namnet Vestlendingen.
Fallande økonomiske konjunkturar skapte dårlege vilkår for avisa i midten av 1920-åra. I 1932 hadde opplaget gått ned til 2000. På same tid hadde avisa vanskar med å endre struktur frå lokalavis til ei større partiavis og vart difor nedlagd.
Kjelder
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo 2010
Rune Ottosen (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo 2010
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013