Hopp til innhold
X
Innhald

Firda- og Sygnafylkets avis

Firda- og Sygnafylkets avis, ei avis skipa av landsmålsforleggjaren og bokhandlaren Mons Litleré. Avisa var eit par år den einaste landsmålsavisa i landet.

Firda- og Sygnafylkets avis vart skipa i Bergen i 1887 av eit interessentskap. Den nye avisa var meint for dei delane av Bergenshus Amt som no er Sogn og Fjordane. Det var David O. Bakke og andre venstrefolk som stod bak. Men dei mangla redaktør, og dei bad Mons Litleré frå Naustdal i Sunnfjord om å kome til Bergen og overta. Det gjorde han, og han vart både utgivar, eigar og redaktør. Litleré hadde fordelar av å drive vekselbruk mellom avis- og bokutgiving og bokhandel, ved at han både kunne avertere bøker i avisa si og trykkje bokmeldingar.
I 1890 vart det lange avisnamnet forkorta til berre Firda, og Litleré gjorde avisa til landsmålsavis. Ein periode hadde han hjelp av avismannen Rasmus Steinsvik. Avisa gjekk då over frå éi til to utgivingar i veka.
Avisa sokna til det reine Venstre og vart lesen av radikale intellektuelle langt utanfor Bergen, medan andre oppfatta avisa som ukristeleg.
Etter at Fedraheimen gjekk inn i 1891, var Firda den einaste landsmålsavisa i landet. Men Litleré hadde for lite tid til å arbeide med avisa og var avhengig av innsende artiklar, mange av dei på dansk-norsk. Avisa gjekk inn i 1893.
Kjelder
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjonen. Oslo 1987

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 25.03.2014