Faktaboks

Firda Tidend
Offisielt namn
AVISDRIFT GLOPPEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Sandane
Dagleg leiar
Aadne Gloppestad
Styreleiar
Bjørn Ivar Grov
Avishode til Firda Tidend
Avishode til Firda Tidend
Firda Tidend.

Firda Tidend er ei norsk lokalavis som kjem ut i Sandane på papir to gonger i veka, og elles som nettavis. Avisa dekkjer Gloppen og Jølster i Vestland fylke. Ho er eigd av aksjeselskapet Avisdrift Gloppen, med Senterpartiet som største eigar.

Ansvarleg redaktør frå 2017 er Aadne Gloppestad.

Digitalt

Firda Tidende opererer med såkalla betalingsmur for ikkje-abonnentar som vil lesa bladet på internett. Det daglege talet på lesarar som nytta papirutgåva eller nettavisa var i 4. kvartal 2023 totalt 5064, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Det var skipinga av Bondepartiet i 1920 som påskunda framveksten av endå ei avis i Gloppen ved sida av Høgre-avisa Nordfjord. Firda Tidend kom ut første gong 1. juli 1924, og bøndene fekk no eit talerøyr i Sogn og Fjordane. Bondepartiet var på intens jakt etter bladprosjekt i fylket i mellomkrigstida. Fleire upolitiske bladtiltak i Nordfjord og Sunnfjord hadde det nyskipa partiet på døra i perioden 1922–1935. Dei to avisene i Gloppen, Firda Tidend og Nordfjord, levde i fleire år greitt side om side.

Firda Tidend sin fyrste redaktør, Johan Lid, kom frå Bondebladet på Voss. På solid vis tok han hand om bladet sine ambisjonar, også på målsida. Johan Lid formidla i fyrste nummer ein interessant refleksjon på vegner av bygdekulturen: «[…] i fyrste rekkja er lokalbladi ei av dei viktigaste orsakerne til at storbladi i byane hev so lite aa segja paa folkemeiningi i bygderne.» Han meinte bygdeavisene var sterke meiningsdannarar og ein voll mot påverknaden frå byane sine dagblad, trass i små opplag. Etter fem år reiste han attende til Voss for å ta seg av Horda Tidend.

Firda Tidend blei refinansiert og organisert under ny utgjevar på 1930-talet. Det skulle bli starten på avisa sine mange gode år med Anders Øvreseth i styrarstolen. I hans tid blei avisa for alvor etablert som lokalavis for Gloppen, Breim og Indre Jølster.

Andre verdskrigen

Firda Tidend var ei av fire aviser i det tidlegare fylket Sogn og Fjordane som kom ut alle fem åra under framandt styre. Det gamle høgrebladet kom aldri att, og Firda Tidend blei åleine med Sandane og omlandet. Det gav bladet eit godt utgangspunkt i etterkrigstida.

Nytt eigarskap

Bjørn Grov
Bjørn Grov (f. 1955) var Firda Tidend sin redaktør i tre periodar mellom 1979 og 2017.
Bjørn Grov
Av /Firda Tidend.

Etter at bladstyraren gjennom 36 år gjekk bort i 1966, blei Firda Tidend organisert under eigarskapen til L/L Senterpartibladet. Sidan har Senterpartiet sine organisasjonar, saman med handelslaga i Gloppen og Breim og ei rad småeigarar, sete på eigarsida. Partiet har 45 prosent av aksjane i Firda Tidend, noko som gjorde avisa til den einaste i Sogn og Fjordane med ein partiorganisasjon som hovudeigar.

Trykkeri

Eigarselskapet tok over Solglimt Trykkeri i Bukta på Sandane i 1981. 14. november 1988 gjekk avisa opp frå to til tre avisdagar, som den siste i fylket. Firda Tidend investerte stort i nytt trykkeri vinteren 2007. Men alt ti år seinare, i 2017, vart trykkeriet nedlagt og Firda Tidend trykt i Førde hos Sogn og Fjordane Avistrykk. Frå 2022 vert avisa trykt på Voss.

Opplag

Opplagstall for Firda Tidend, 1986-2022

1986 3192
1988 3251
1990 3277
1991 3289
1992 3239
1993 3246
1994 3217
1995 3164
1996 3138
1997 3121
1998 3123
1999 3043
2000 3227
2001 3155
2002 3154
2003 3174
2004 3110
2005 3106
2006 3100
2007 3070
2008 3056
2009 3064
2010 3046
2011 3062
2012 3048
2013 3027
2014 2977
2015 2921
2016 2906
2017 2853
2018 2894
2019 2862
2020 2906
2021 2925
2022 2996
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
  • 1932: 1000
  • 1950: 2000
  • 1962: 2030
  • 1970: 2314
  • 1983: 3037
  • 1998: 3123
  • 2008: 3056
  • 2015: 2921
  • 2020: 2906
  • 2021: 2925
  • 2022: 2996
  • 2023: 3051

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta.

Eksterne lenker

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

Firda Tidend
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg