Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeribladet Fiskaren

Fiskaren var bladet for fiskerinæringa på Vestlandet, medan Fiskeribladet var dei nordnorske fiskarane sitt organ. I 2008 blei dei slått saman til Fiskeribladet Fiskaren, og Fiskeri-Noreg var samla til eitt avisrike. Fiskeribladet Fiskaren har brote nytt land når det gjeld å tene pengar på nettjournalistikk.

Fiskaren blei etablert i Bergen i 1923 for å arbeide for dei sosiale og økonomiske kåra for fiskarane. I 1927 blei avisa gjord til organ for den nyetablerte fagorganisasjonen Noregs Fiskarlag. Sildesalslaget overtok som hovudaksjonær i 1936, etter at Fiskarlaget gjennom redaktør Harald Wigum i nokre år hadde vore det, og ordninga med kollektivt abonnement for medlemer av Sildesalslaget gav avisa verdfull økonomisk støtte. I mange år var det òg tradisjon for at direktøren i Sildesalslaget fungerte som styreformann i avisa. Sildesalslaget henta særleg medlemer frå vestlandskysten, og det var lagsaktiviteten mellom fiskarane frå denne delen av landet avisa rapporterte mest frå.

 

På grunn av at tyngdepunktet låg på Vestlandet, voks det i andre landsdelar fram behov for alternative avisrøyster. Fiskarlaget gav frå 1945 eit par år ut medlemsbladet Mea. Fiskeriavisa Skagerak kom året etter på Sørlandet, og straks etter kom Fiskeribladet ut nordpå.

 

Fiskeribladet blei grunnlagt i 1946 av Freder Fredriksen, med redaksjon i Harstad. Opplaget var oppe i 7000 etter eit halvt års drift, og Fiskeribladet skulle bli den største fiskeriavisa i Norden. Avisa kom ut éin gong i veka, til tida var inne til å auke til to og seinare tre utgivingar.

 

I 1950 gjorde Fredriksen ein gullkanta avtale. Partslaget Fiskeribladet blei stifta, med Noregs Råfisklag og Noregs Fiskarlag som kapitalsterke medeigarar. Avtalen innebar at Råfisklaget skulle betale abonnement på Fiskeribladet til alle fiskeskipperar og fiskarlagsleiarar. Ordninga blei seinare utvida til å gjelde alle manntalsførte fiskarar. Det gav eit opplag på omkring 23 000, i ei tid då talet på fiskarar var eit ganske anna enn det blei seinare. Blant folk langs kysten blei Fiskeribladet snart ein institusjon. Trass i den sterke bindinga til fiskarane sine mektige organisasjonar, har redaksjonen ikkje vore redd for å sparke også i den leia, om nødvendig. Fiskeribladet skulle først og fremst vere på parti med den vesle mann når det galdt maktstrukturar. Avisa har ikkje berre rapportert om fiskeria, ho har òg spela ei sentral rolle som meiningsberar innanfor ei næring i dramatisk endring og utvikling det siste halve hundreåret.

 

Med nedgang i talet på fiskarar og aukande utfordringar frå fleire hald valde Fiskaren og Fiskeribladet i 2008 å fusjonere til Fiskeribladet Fiskaren. Den nye riksdekkjande avisa har redaksjonskontor i Bergen, Harstad og Tromsø. Norges Handels- og Sjøfartstidende, som mellom anna gir ut Dagens Næringsliv, hadde teke over Fiskaren i 1998 og kontrollerer no to tredelar av det nye eigarselskapet, medan Noregs Råfisklag har resten. Havbruk er blitt eit viktig stoffområde ved sida av tradisjonelt fiske.

 

Fiskeribladet Fiskaren var først ute med å ta betalt for innhald på nett, i 2009, og i 2014 fekk avisa som den første i landet produksjonsstøtte også for dei digitale utgivingane.

Peikarar

Nettstaden til Fiskeribladet Fiskaren

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 23.11.2017