Avishode Fjordaposten
Avishode Fjordaposten
Norsk presses historie.
Redaktøren Albert Joleik i Fjordaposten.

Petitspalta «Ymsingar» hadde fast plass på baksida av Fjordaposten, og den er i ettertid omtala som noko av det beste innan norsk petitjournalistikk. Her kåserte redaktøren Albert Joleik friskt rundt aktuelle saker. Bak den humoristiske tonen låg ofte eit alvor og sterke, originale meiningar. Han var uredd og sparka ifrå seg i kvasse ordelag, noko som ofte gjekk utover samfunnsautoritetar. Slike ytringar er symbolsterke og gjev tydeleg uttrykk for redaktørmakt.«Ymsingar» blei etter kvart vidkjent, med eit innhald lesarane ivrig snakka om.

Redaktøren Albert Joleik i Fjordaposten.
Norsk presses historie.

Fjordaposten var ei nynorskavis som kom ut i Bergen frå 1923 til 1940. Avisa var grunnlagd og driven av den fargerike pressemannen og historikaren Albert Joleik frå Florø.

Historie

Fjordaposten hadde undertittelen «For norskt næringsliv og national-demokratisk politikk». Stoffet i avisa var ei blanding av lokale, nasjonale og internasjonale nyhende, med alt frå notisar og lysingar til bokmeldingar og petitartiklar.

Albert Joleik var særleg oppteken av landbruk, målsak, forsvar og utanrikspolitikk, men hadde sterke meiningar om det meste og var som regel kritisk til samfunnsmakta. Mange av tekstane hans har ei munnleg framstillingsform og ein fargerik, folkeleg biletbruk. Stundom skilde han ikkje så skarpt mellom fakta og kommentar.

Fjordaposten hadde ein variert lesarkrins. Nedslagsfeltet var først og fremst Vestlandet, men avisa nådde òg ut til lesarar i andre landsdelar. Ho kom ut to gonger i veka frå 1923 til 1925, deretter berre ein gong i veka. Opplaget låg kring 2500.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Joleik, N. (2005): «Albert Joleik – bladstyrar i brytingstid», Pressehistoriske skrifter nr. 4/2005

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg