Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordenes Tidende

Høgre-avisa Fjordenes Tidende i Måløy har skilt seg ut som den einaste avisa i Sogn og Fjordane med bokmål som hovudspråk. Etter kvart er både dei målpolitiske og andre politiske kantar blitt meir avslipte, og Fjordenes Tidende er i dag ei samlande lokalavis for Ytre Nordfjord.

Mellom Vågsøy og fastlandet går Ulvesundet, og midt i leia ligg den vesle øya Moldøen. Øya blei ein viktig handelsstad og voks etter kvart over til Skramsbygda (Måløy sidan 1921) på Vågsøy. Den strategiske plasseringa som lun hamn rett sør for Stad gjorde Måløy til ei viktig fiskerihamn. Fiskeria blei rikare og trekte til seg bondesøner frå heile Nordfjord, og tidleg på 1900-talet var eit lite bysamfunn i emning ytst i Nordfjord. Folketalet auka frå 400 i 1900 til 1200 i 1920, då både trikk og jernbanestasjon var lagt inn i byplanen for Måløy.

 

Fiskeindustrien voks fram, men Måløy mangla eit organ for annonsar og politisk ordskifte. Ekspeditør Per Sunde, overrettssakførar Kristofer Bernhard Hagen og andre framståande menn byrja i 1909 å planleggje ei avis. Det blei også oppfatta som ein hemsko for utviklinga at staden låg under det agrare Selje herad. I 1910 blei Måløy senter i Sør-Vågsøy herad, og same året blei Fjordenes Tidende skipa som organ for det næringsliberale Frisinnede Venstre. I 1931 var det knapt hovdingar att i dette partiet, og Høgre tok over avisa. Fjordenes Tidende brukte riksmål, slik det høvde seg for byfolk som ville markere avstand til bondebakgrunnen sin. Avisa var fylt av telegram og referat, og så tørr at ho blei kalla «Kavringen» på folkemunne.

 

Etter initiativ frå hermetikkfabrikkeigar Johan Gotteberg fekk Måløy i 1933 ei ny avis, som var langt friskare og informativ. Nynorsk, norskdom og andre Venstre-saker var grunnlaget for Nordfjord Folkeblad, med Per Osdal som redaktør. I 1936 tok J.M. Steffensen over som redaktør. Steffensen hadde vore redaktør i Fjordenes Tidende og tok opp kampen ved å gi ut Nordfjord Folkeblad med tre nummer i veka. Fjordenes Tidende sleit økonomisk, men følte seg tvinga til å gjere det same.

 

Nordfjord Folkeblad blei stogga i 1940, medan Fjordenes Tidende kom ut under heile krigen. Folkebladet kom tilbake i 1948, men måtte gi seg 5. januar 1952, etter at trykkjarane flytta til Bergen.

 

I 1964 blei Måløy senter i ein større kommune. Året etter blei Per-Gunnar («pg») Larsen redaktør i Fjordenes Tidende og fekk sving på journalistikken. Larsen utvida lesarskaren ved å gjere avisa til eit talerøyr for distriktet og uredd kamporgan for Nordfjord sjukehus på Eid.

 

I 1980-åra gjekk avisa med millionoverskot. I 1994 selde Høgres pensjonskasse aksjane sine til Sunnmørsposten, som var eigd av Orkla Media. I 2006 blei Orkla Media (no Edda Media) kjøpt av britiske Mecom. Polaris Media kjøpte Sunnmørsposten i 2009, og Fjordenes Tidende følgde med inn i det nye konsernet.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017