Avishode til Folketanken
Avishode til Folketanken
Folketanken.
Framsida av Folketanken 27. september 1890.

Folketanken var ei avis som vart gitt ut i Risør mellom 1887 og 1945. Folketanken kjempa for frisinn og fridom, og for det jamne folk si sak. Under andre verdskrigen vart avisa ein reiskap for Nasjonal Samling og blei lagt ned fredsdagen 8. mai 1945.

Historie

Andreas Hansson

Andreas Hansson var kjend for detaljerte beskrivingar av trykkjemetoden i avisa. Når satsen var handvalsa med sverte, sette han seg oppå satsen, papiret og trykkplata for at avtrykket av satsen på avispapir skulle bli så god som mogleg. To og to sider av gongen. Det tok timar å trykkje kvar utgåve.

Andreas Hansson
Av .

Folketanken vart starta av Andreas Hansson som vekeavis i Arendal i 1887. Hansson kom frå små kår på Tromøy, og som krambueigar opplevde han det store krakket i Arendal i 1886. Hansson var òg ein av hovudtalarane på Arbeiderpartiet sitt stiftelsesmøte i 1887. Han blei første redaktør i avisa Samhold, som kom med sitt første nummer 15. april 1887.

Året etter oppstarten vart Folketanken flytta til Risør og kom ut som dagsavis fram til 1945. Frå å vere partisekretær for det nyskipa Arbeidarpartiet i Arendal gjekk Hansson over til å representere Venstre i byrjinga av 1900-talet. Folketanken vart med det ei radikal Venstre-avis som kjempa for frisinn, fridom og fråhaldssak. I 1932 hadde avisa eit opplag på 2000.

Nynorsk vart frå byrjinga nytta i annonsar, og etter kvart i nokre av artiklane i Folketanken. Mellom 1928 og 1934 var det også den redaksjonelle målforma for avisa. At byaviser på Sør- og Austlandet vart utgitt på nynorsk i desse tiåra, var eit unntak. I Risør låg mykje likevel til rette for at nynorskaviser kunne vekse opp, då det eksisterte eit profilert miljø av nynorskbrukarar som kunne støtte opp om eit slikt prosjekt.

Ny redaktør

Hansson døydde brått i 1923. Det var Venstre-mannen og tidlegare journalist i Morgenbladet, Johannes Kringlebotn, som tok over som redaktør i Folketanken. Han tiltredde 5. november 1923 med følgende ord: «Folketanken fortsetter som et radikalt rent venstreblad. Vi vil hæve oss over klasseinteressene.» Kringlebotn blei ein meget populær redaktør, som ikkje gjekk av vegen for ein ordkrig med konkurrenten, Aust Agder Blad.

Kringlebotn sin ekstreme nasjonalisme førte han derimot inn på Quisling si side då andre verdskrigen kom til Noreg i 1940. Folketanken miste dermed populariteten sin, og lesarane forsvann. Kringlebotn slutta i avisa, og var ein kort periode redaktør i Stavanger Aftenblad. Olav Jeppesen overtok redaktørstolen i 1941. Den siste utgåva av Folketanken kom 8. mai 1945, då Jeppesen vart arrestert av motstandsorganisasjonen Milorg. Trykkeriet blei overdrege til Aust Agder Blad, som 9. mai 1945 kom med sitt første nummer på lang tid etter å ha vore stengt det meste av krigen.

Opplag

År Opplag
1932 2000

Fakta

  • Fyrste nr. i 1888.
  • Siste nr. 8.5.1945.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
  • Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973
  • Gunnar Christie Wasberg: Norsk presse i hundre år. Bergen 1969

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg