Hopp til innhold
X
Innhald

Folkets Framtid

Kristeleg Folkeparti blei etablert for seint til å få bygd opp ei stor partipresse. Folkets Framtid var partiet sitt hovudorgan frå 1950-åra og utover, men opplaget fall, og i 2005 avgjorde partiet at avisdrifta kosta for mykje.

Folkets Framtid var opphavleg eit bilag til Dagsavisen i Trondheim. Dagsavisen blei grunnlagd i 1945 som eit «kristelig dagblad», og som Dagen i Bergen og Vårt Land i Oslo var avisa utan noko formell partipolitisk tilknyting. Men etter nokre år erklærte Dagsavisen seg som organ for Kristeleg Folkeparti. Sjølv om avisa etter kort tid oppnådde eit opplag på over 9000, greidde ho aldri å kome på trygg økonomisk grunn, og måtte innstille drifta alt i 1954.

 

I løpet av denne tida blei det kvar veke også utgitt ei landsdekkjande utgåve av Dagsavisen, der delar av stoffet blei henta frå «moderavisa». Denne vekeavisa fekk namnet Folkets Framtid, og var frå starten av organ for KrF. Det første nummeret blei publisert i desember 1947. Eit lite månadsblad med same namn hadde rett nok eksistert sidan 1946, og må reknast som den første spede byrjinga til KrF si partipresse.

 

Den riksdekkjande vekeavisa heldt fram med å kome ut etter at Dagsavisen var nedlagd, og fekk etter kvart ein trygg posisjon som hovudorgan for KrF. I 1958 flytta redaksjonen frå Trondheim til Oslo. Den seinare så markante KrF-politikaren Egil Aarvik var redaktør frå starten av og til 1965.

 

KrF fekk sitt definitive gjennombrot i 1970-åra, med Lars Korvald som statsminister og med gode resultat ved fleire val. Folkets Framtid tok del i framgangen, og både redaksjonen og abonnentmassen voks. Avisa kom med to utgåver i veka og nådde nesten 15 000 i opplag. Spørsmålet om å gjere Folkets Framtid til dagsavis blei diskutert, men aldri sett ut i livet.

 

Innhaldsmessig var avisa prega av kampsakene til KrF: abortsaka, nord–sør-spørsmålet, bistandspolitikk, skule, alkoholpolitikk og sosiale spørsmål. Redaksjonen var ikkje utan spelerom for å skrive kritisk om partiet og politikarane, men kunne sjeldan konkurrere på nyhende med den andre pressa.

 

Lenge heldt opplaget seg på ca. 10 000, men frå slutten av 1990-åra tok det til å minke. I 2004 var abonnenttalet kome under 5000. Då KrF gjorde eit dårleg val i 2005, med etterfølgjande kutt i partistøtta, valde partiet å leggje ned avisa.

 

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 24.11.2017