Forside av Fylkestidende for Sogn og Fjordane

Forside av siste nummer av Fylkestidende for Sogn og Fjordane 29. mai 1957.

Forside av Fylkestidende for Sogn og Fjordane
Nasjonalbilioteket .

Fylkestidende for Sogn og Fjordane var ei avis i Florø. Ho kom ut frå 1874 under namnet Nordre Bergenhus Amtstidende og skifte namn til Fylkestidende for Sogn og Fjordane i 1930. Avisa blei lagt ned i 1957.

Historie

Livius Smitt
Nordre Bergenhus Amtstidende kom i gang i 1874 etter initiativ av overrettssakførar, seinare stortingsmann Livius Smitt.
Av /Stortinget.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Nordre Bergenhus Amtstidende vart oppretta i 1874 i Florø på initiativ frå overrettssakførar Livius Smitt, som budde i byen frå 1868 til 1881. Smitt meinte at dei bergenske avisene dekte amtet dårleg, og starta difor den fyrste avisa i fylket. Avisa kom i starten ut éin gong i veka og vart trykt på ei handpresse.

Ifrå fyrste nummer søkte den nye avisa aktivt etter nyhende og ba ordføraren i amtet om å sende inn referat frå kommunestyremøte og liknande. Responsen var derimot lunken, dei folkevalde kunne klare seg godt utan presseoppslag.

Smitt opna spaltene sine for ordskifte. «Kanaltunnel gjennem Stat» var fyrstesidesak i avisa 11. september 1874. Innsendaren viste til problema med å passere det vêrharde Stadt, og foreslo ein kanaltunnel der Stadhalvøya er på det smalaste ved Mannseidet, slik at «Baade Kystfartøier og mindre Dampskibe kunne gaa derigjennem.» Dette skulle koste 400 000 spesidalar. Smitt støtta tanken, men meinte summen ville bli det tidoble. Han foreslo i staden ein sporvegstunnel gjennom Mannseidet med heis i begge endar, til ein pris av 200 000 spesidalar.

Smitt brukte avisa som eit springbrett til ei politisk karriere. Han blei fyrst ordførar i Florø, og i 1880 vart han vald inn på Stortinget som fast representant, og skulle etter kvart sokne til Høgre. Då overtok kyrkjesongar Elias M. Hole som redaktør. Hole blei styrar ved Amtskulen i Førde og tok med seg avisa dit i 1887. Fem år seinare var avisa tilbake i Florø.

Navneskifte

Nordre Bergenhus Amtstidende var eit organ for partiet Høgre. I april 1921 vart A/S Amtstidendes trykkeri selt til Reidar Angell-Jacobsen som også redigerte avisa. 31.1.1930 skifte avisa namn til Fylkestidende for Sogn og Fjordane.

Under krigen kom avisa med førebels siste nummer i 1942 under leiing av Sigurd Nybø av di «de daværende makthavere krevde at avisen skulle gå aktivt inn for nyordningen noe som selvsagt var uforenlig med bladets ånd og vilje», står det å lese i avisa då drifta vart teken opp att 22. oktober 1948. Same hausten blei aviskonkurransen ytterlegare skjerpa ved etableringa av ei tredje avis i den vesle kystbyen, Firdaposten.

Dei siste åra blei avisa trykt hos trykkeriet H. Jensen. I ei annonse den 15. mai 1957 kan ein lese at det skal haldast konkursbu-auksjon 26. mai over dette trykkeriet. Dette blei også slutten på avisa.

Opplag

År Opplag
1932 1500

Fakta

  • Nordre Bergenhus Amtstidende: Første nr. 27.2.1874, siste nr. 29.1.1930.
  • Skifte namn til Fylkestidende for Sogn og Fjordane frå 31.1.1930. Førebels siste nr. 18.11.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 22.10.1948, siste nr. 29.5.1957.
  • Slegen saman med Firda Folkeblad og kom ut i perioden 5.11.1942–5.5.1945 under tittelen Folkebladet for Sogn og Fjordane.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg