Forside av Gudbrandsdølen
Gudbrandsdølen var var ei dagsavis på Lillehammer og ble omtalt som «Bjørnstjerne Bjørnsons husorgan».
Forside av Gudbrandsdølen
Nasjonalbilioteket .

Gudbrandsdølen var ei dagsavis på Lillehammer, grunnlagt 1894. Gudbrandsdølen var Senterpartiavis. Avisa hadde frå 1945 eit teknisk og redaksjonelt samarbeid med høgreavisa Lillehammer Tilskuer. I 1990 slo desse to avisene seg saman til Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer. I 1997 slo denne avisa seg saman med den tidlegare Arbeiderpartiavisa Dagningen, til Gudbrandsdølen Dagningen.

Historie

Gudbrandsdølen var «Bjørnstjerne Bjørnsons husorgan» på Lillehammer, og han var ikkje den einaste forfattaren som skreiv i avisa. Redaksjonen i villaen til redaktør Johan Filseth var eit livleg samlingspunkt for både bønder og byfolk. Men då redaktøren døydde, gjekk det nedover.

Lærar Johan Filseth begynte avislivet sitt som medredaktør i Venstreavisa Framgang på Lillehammer i 1886. Framgang hadde sitt utspring i miljøet rundt Vonheim folkehøgskole. Avisa skulle «fremme en jevn, frisinnet utvikling på hjemlig og kristelig grunn». I 1890 overtok Filseth som eineredaktør etter Mathias Skard. Filseth var langt meir radikal og kom i konflikt med Vonheim-miljøet. Avisa blei seld, og Filseth etablerte si eiga avis, Gudbrandsdølen, i 1894.

Same året opna jernbanen frå Kristiania til Tretten. To år seinare var jernbanen ferdig til Sel, noko som gjorde det lettare for bygdekorrespondentane i Nord-Gudbrandsdalen å sende aktuelt stoff til avisene på Lillehammer.

«Bjørnsons husorgan»

I opningsnummeret hadde Bjørnstjerne Bjørnson hovudartikkelen over to og ei halv spalte på første side med overskrifta «Gudbrandsdølerne». Gjennom skiftande tider blei Gudbrandsdølen livorganet for diktarhøvdingen på Aulestad. Der fekk han plass dersom hovudstadsavisene var stengde for han. Redaktør Chr. Friele i Morgenbladet omtalte Gudbrandsdølen som «Bjørnsons husorgan der oppe».

Nykomaren storma forbi dei etablerte konkurrentane sine som den journalistisk viktigaste, med flest lesarar og størst annonsevolum. Etter ein månad hadde bladet 1200 abonnentar, nokre månader seinare hadde talet vakse til 1500. Etter ni år kunne Filseth investere i ny presse, som gjorde det mogleg å trykkje i seks spalter.

Villaen til Filseth var ikkje berre heimen til ein stor familie, men romma òg redaksjon, trykkjeri og avisekspedisjon. Der var det alltid folksamt – medarbeidarar i bladet, folk i byen som hadde ærend i avisa, bønder på bytur. Mange skulle ha bevertning. «Sei meg, er det restaurant her», spurde ein forundra besøkjande. Den mest kjende medarbeidaren til Filseth var Erik Vullum, som skreiv jamleg i bladet etter at han flytta til Lillehammer.

Redaktør Filseth døydde under eit rekreasjonsopphald i Danmark, og leiinga blei overteken av sonen Kaare og Jul Sundsvik, som hadde vore redaksjonssekretær. Men økonomien i avisa blei raskt vanskelegare. Alle Lillehammer-avisene sleit.

I 1930 kjøpte Hans P. Lødrup, tidlegare medarbeidar i Aftenposten, både Lillehammer Tilskuer av familien Ørn og Gudbrandsdølen av fru Laura Filseth og slo dei saman under namnet Gudbrandsdølen, eit klart Høgre-venleg blad, nokså langt frå Filseth si Venstre-orienterte avis.

Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer

I 1990 vart desse to avisene fullt sammenslått som Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer. Denne vart i 1997 slått saman sammen med den tidligare arbeiderpartiavisa Dagningen, til Gudbrandsdølen Dagningen.

Opplag

Opplagstall for Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer, 1986-1996

1986 19977
1988 20700
1990 21361
1991 22131
1992 22433
1993 22548
1994 22648
1995 22595
1996 22380
Kilde: medienorge.uib.no
År Opplag
1920 4500
1932 4000
1940 3400

Fakta

  • Gudbrandsdølen – fyrste nr. 1. januar 1894.
  • Utkom 9–19. mai 1945, som Fellesavisen sammen med Dagningen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Cath. Bang: Hans P. Lødrup. Forsøk på et portrett basert på aktstykker til 100-årsdagen 26. april 1985. Lillehammer 1985
  • Ramberg, Knut: I døgnets tjeneste: Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie, 1994-, 3 b., isbn 82-90439-87-3
  • Knut Ramberg: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie, bd. I. Lillehammer 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg