Hopp til innhold
X
Innhald

Hardanger

Hardanger var den leiande avisa i Odda fram til 1950-åra, med den ruvande og velskrivande redaktøren Olav Kolltveit som mangeårig sjef. Men seinare kom avisa bakpå, og i 1990 var det slutt.

Avisa Hardanger skulle bere fram det gamle Bonde-Venstre sin politikk og var ein reaksjon på fråveret av eit tydeleg politisk organ i dei indre delane av Hardanger. Odda hadde hatt ei partipolitisk uavhengig avis sidan 1908, Odda Tidende, som signaliserte regionale ambisjonar gjennom ymse undertitlar. Den nye avisa representerte ein reell konkurranse, også politisk, og Odda Tidende måtte svare med same mynt. Den etablerte avisa tok arbeidaren og bonden inn i undertittelen, men det hjelpte ikkje.

Venstre-avisa Hardanger fekk vere åleine i Odda frå 1917, samstundes med at den store profilen i avisa, Olav Kolltveit, kom på bana. Bladmannen Kolltveit ruvar i den vestlandske avissoga, kjend for å føre ein god penn, sakleg i referat og ordskifte, men òg underfundig og satirisk i petittekstar under pseudonymet Plassmajor Tallaksen. Bladet er òg knytt til eit anna stort namn i norsk presse, Hans Aarnes, som styrte Hardanger ein periode frå starten. Han skipa Norsk Bladmannalag i 1913, og i 1919 skipa han den første journalistutdanninga i Noreg, Norsk Bladmannaskule.

I 1920-åra fekk Odda endå to aviser. Den eine var sosialdemokratiske Hardanger Arbeiderblad, som etter 1949 blei heitande Hardanger Folkeblad. Den andre var den upolitiske Odda Nyhetsblad, som gjekk fram til krigen. Venstre-avisa Hardanger frå 1913, eller Hardingen, som bladet blei kalla, hadde såleis to konkurrentar i mellomkrigstida. Etter krigen blei det rådande bladbiletet i Odda etablert med ei sosialistisk og ei borgarleg avis, ikkje ulikt mange bysamfunn med industri som basis.

Fram til 1956 hadde Hardanger eit større opplag enn Hardanger Folkeblad, som var Ap-organet i Odda. Men frå slutten av 1950-åra drog sistnemnde frå. I 1965 låg Ap-avisa eitt tusen eksemplar over. Venstre-avisa kom på defensiven, jamvel om ho seinare fekk ein oppsving.

I 1970 tok Bergens Tidende over Hardanger. Under ny eigar og ny bladstyrar fekk bladet ei meir aktiv rolle i det politiske ordskiftet. Dette var under den heitaste EF-kampen. Den nye eigaren sitt engasjement enda i det dårlegaste opplagsåret for bladet (1973). I 1974 blei Hardanger ført tilbake til lokal eigarskap.

Frå midten av 1970-åra lysna det att. Ei stund såg det ut til å vere rom for avisa, som hadde tingarar i Odda, Ullensvang, Eidfjord, Jondal, Kvam og like ut til Strandebarm. I 1978 blei bladet flytta frå Odda til Lofthus, tre mil nord i fjorden. Det styrkte ikkje avisa sine utsikter.

I 25 år etter krigen hadde Hardanger same bladstyraren. Dei neste 20 åra, til avisa gjekk inn hausten 1990, hadde bladet 13 redaktørar.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017