Hopp til innhold
X
Innhald

Haugesunds Avis

Haugesunds Avis er den dominerande avisa på Haugalandet, det vil seie Nord-Rogaland og delar av Sunnhordland. Avisa har vore god butikk og freistande for oppkjøparar med høge resultatforventningar.

Bortsett frå to krigsår har Haugesunds Avis kome ut utan stans sidan 1895, då avisa blei etablert av Bernt G. Seland. Han heldt det gåande heilt til han forlét avisa i 1912. Deretter mobiliserte Venstre-folka i byen kreftene sine og fekk skrapa saman kapital nok til å overta. Knut Markhus blei den første redaktøren etter Seland. Nokså raskt fekk dei nye eigarane gjennomført ein overgang til dagsavis, og i løpet av kort tid kom det på plass to setjemaskinar og ei rotasjonspresse. Rotasjonspressa markerte eit historisk skilje. Ho blei teken i bruk 6. februar 1915, og lesarane blei overvelda av eit spesialnummer på 24 sider, tettpakka med stoff og annonsar. No var Haugesunds Avis for ei kort tid den mest moderne utstyrte avisa på Vestlandet.

Åra som følgde blei nokså turbulente, med redaktørar som kom og gjekk. Men frå 1921 blei det rolegare. Då blei Einar Osland redaktør, og han fekk henta inn kollegaene Einar Aamot og Ragnvald Øygard. Dei var alle tre tilsette i Drammens Dagblad i 1920, og dette trekløveret kom til å setje sitt preg på Haugesunds Avis i mange år etterpå. Osland var redaktør til han døydde i 1955, blei etterfølgd av Aamot, som døydde i 1959, og deretter Øygard, som sat som redaktør til 1968. Dette året passerte elles nettoopplaget til avisa 20 000, og talet på tilsette passerte hundre.

I 1973 var den siste lokale konkurrenten borte, og Haugesunds Avis blei einerådande. Året etter kunne avisa markere innflytting i eit nybygg med ei ny og større rotasjonspresse. Berre ti år etterpå blei det ny flyttesjau, til eit moderne avishus, med nok ei ny rotasjonspresse. I 1985 sette avisa i gang Radio 102. 

Hausten 2003 gjekk avisa over til tabloidformat, og året etter blei ho morgonavis, samtidig som ein gjekk i gang med eige laurdagsmagasin. Det er mellom anna også etablert nettavis og ei eiga vekeavis for Karmøy.

Avisa gjekk godt og blei attraktiv for oppkjøp. Dagbladet var først ute, og i 1989 sikra dei seg 44 prosent av aksjane. To år etterpå blei Orkla Media eineeigar (skifta namn til Edda Media då dette selskapet i 2006 blei selt til det britiske selskapet Mecom). Etter fusjonen mellom Edda Media og A‑pressa i 2012 er Haugesund ein del av Amedia.

 Haugesunds Avis fungerer i dag som regionavis for eit område som omfattar Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. Harde resultatkrav og kraftige nedbemanningar i dei seinare åra har likevel ført til at avisa konsentrerer seg sterkare om kjerneområdet Haugesund, Karmøy og Tysvær.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017