Hopp til innhold
X
Innhald

Hitra-Frøya

Hitra-Frøya er eit produkt av den nye bygdeoptimismen i 1970-åra. Eitt år før Hitra-bøndene i 1975 aksjonerte så det gav gjenklang over heile landet, såg lokalavisa dagens lys. Ho har vist seg å vere svært levedyktig.

Hitra-Frøya har opphavet sitt i lokalavisa Hitra-Nytt, ei av mange aviser som dukka opp i kjølvatnet av bygdeoptimismen tidleg i 1970-åra. Ein ung lærar, Svend Sivertsen, var opphavsmann og redaktør, i samarbeid med Tore G. Strøm og Knut Olav Sivertsen. Avisa dekte Hitra kommune og kom ut annakvar veke. Kontoret var på loftet hos Svend og Mary-Ann Sivertsen i Fillan. Mary-Ann tok seg av det merkantile. Avisarbeidet var ein tilleggsjobb som mykje gjekk føre seg på kvelds- og nattestid. Avisa blei trykt hos ST-Trykk på Orkanger.

Det første driftsåret viste underskot. Skulle ein drive vidare, måtte ein satse meir profesjonelt. Svend Sivertsen kjøpte ut dei to andre og blei eineeigar og avismann på heiltid.

I 1980 flytta Svend og Mary-Ann til Sandstad på Inn-Hitra og bygde bustadhus med eiga avdeling for avisa. I 1983 fekk Hitra-Nytt sin første faste medarbeidar i tillegg, Terje Sandstad, som har arbeidd i avisa sidan den tid. Avisa blei no vekeavis.

Men aukande utgifter til lønn, trykking og distribusjon gjorde at økonomien blei vanskeleg. Ei løysing kunne vere å gjere dekningsområdet større. I nabokommunen Frøya sleit Frøyavisa endå tyngre. Det kom i gang forhandlingar om samanslåing, men eit fleirtal i Frøyavisa sa nei. Sivertsen lanserte då fellesavis på eiga hand, under namnet Hitra-Frøya, med to nummer i veka. Det første nummeret kom 20. desember 1985. Konkurransen førte til at Frøyavisa måtte gi seg i mars 1988. Hitra-Frøya overtok abonnentarkivet, kontorlokalet og den eine tilsette i Frøyavisa mot å betale gjeld som Frøyavisa hadde.

Opplaget auka med ca. 1000 frå 1987 til 1989 (til 3700). Kontor og journalist både på Hitra og Frøya skulle borge for balansert dekning. I 1992 flytta avisa inn i lokala etter ein nedlagd butikk på Sandstad. Frå 1995 hadde avisa tre faste journalistar og i alt ti tilsette. Hitra-Frøya var blitt ei solid avisbedrift som blei attraktiv for oppkjøp.

I 1997 kom avisa med i Adresseavis-konsernet (seinare Polaris Media) ved at familien Sivertsen selde 49 prosent av aksjane. Adresseavisen ville i utgangspunktet kjøpe 66 prosent, men det nyoppretta Statens eigarskapstilsyn fekk denne saka som si første og kravde at eigardelen skulle ned i 49 prosent. Resten er direkte eller indirekte kontrollert av Svend Sivertsen.

I 2009 flytta avisa frå Sandstad til nye lokale i kommunesenteret Fillan.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017