Hopp til innhold
X
Innhald

Illustreret Nyhedsblad

Illustreret Nyhedsblad var eit vekeblad som vart gitt ut i Oslo mellom 1851 og 1866.

Redaktør til 1864 var Paul Botten-Hansen. Mellom medarbeidarane var leiande litterære personar som Ivar Aasen, Bjørnstjerne Bjørnson, Camilla Collett, Henrik Ibsen, Jonas Lie og Aasmund Olavsson Vinje. Hærmændene på Helgeland og Kjærlighedens Komedie av Henrik Ibsen vart gitte ut som tilleggshefte til dette bladet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2016
Sist oppdatert: 20.12.2016