Hopp til innhold
X
Innhald

Innfjordingen

Innfjordingen var den første lokalavisa i indre Nordfjord, utgitt i 1928–29.

Det var bergensarane Nils Hertzberg og Finn Larsen som skipa Innfjordingen, med den første utgåva 14. september 1928. Avisa kom som ein respons på eit langvarig ønske og krav om eige lokalblad for indre Nordfjord. Avisa vart utgitt i Stryn som vekeavis, med Hertzberg som redaktør. Opplagstalet er ukjent.
I den første utgåva vart det erklært at Innfjordingen ikkje skulle ha noka partipolitisk tilknyting. Det vart satsa på lokale nyhende, sakkunnige artiklar om jordbruksstoff og drøftingar av «materielle, kulturelle og nasjonale tidsspursmaal paa ein sakleg og upplysande maate.» Avisa hadde korrespondentar i Bergen, Oslo og Trondheim. Redaksjonsspråket var frå byrjinga bokmål, men etter kvart var det nynorsk som dominerte i spaltene.
Den største hindringa for ei tidlegare avisetablering i indre Nordfjord hadde vore mangelen på trykkjeri i nærområdet. Hertzberg og Larsen satsa likevel, og det første halvåret vart Innfjordingen prenta i Bergen, hos boktrykkjar Torleif Bergmann. Manuskriptet vart sendt med Fylkesbaatane kvar søndag kveld. På nyåret i 1929 etablerte Bergmann Innfjordingens prenteverk i Stryn, slik at avisa kunne trykkjast der.
Innfjordingen fekk ikkje den store lesarskaren som initiativtakarane hadde håpa på. Avisa hadde lite kapital i ryggen og gjekk difor konkurs etter berre eit års drift. Det siste nummeret kom 25. september 1929. Etter konkursen oppstod avisa på nytt, med namnet Fjordingen.
Kjelder
Utgåver av Innfjordingen på mikrofilm, spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973

Først publisert: 21.03.2014
Sist oppdatert: 21.03.2014