Jordbrugeren logo
Jordbrugeren logo
Jordbrugeren.
Erik Lerheim

Erik Lerheim (1859–1950) var ein driftig odelsbonde på Lerheim vestfor Åndalsnes. I ungdommen tok han latinskulen i Molde, og han tok også gymnaset i Christiania, utan å avleggje eksamen. Der fekk Lerheim vekt interessa for politikk og samfunnsspørsmål. I åra 1899 til 1926 utgav og redigerte han avisa Jordbrugeren, som var ei av dei første bonde(parti) avisene i landet. Lerheim hadde ein god og kvass penn, som han nytta flittig til å kjempe for «Jordbrugerstanden» sine interesser. Han las også utanlandske aviser og skreiv artiklar om hendingar utanriks (t.d. Boerkrigen). I åra 1912–27 utgav han også den upolitiske vekeavisa « Romsdal», som særskilt skulle «ivareta stedet og distriktets interesser».

Erik Lerheim
Jordbrugeren.

Jordbrugeren var ei avis som kom ut melllom 1899 og 1926. Ho var ei av dei første avisene i landet som støtta bonderørsla.

Historie

Avisa kom ut med sitt første ordinære nummer 5. april 1899, berre få år etter at Landmandsforbundet (seinare Norges bondelag) blei skipa. Den allsidige Erik Lerheim var både utgivar og redaktør. Han var bonde på garden Lerheim i det som no heiter Eidsbygda, vel ei mil vest frå Åndalsnes, der Lerheim også dreiv «Hotel Lerem». Avisa blei redigert heime på garden og trykt i Molde, der ho kom ut kvar onsdag.

Erik Lerheim kasta seg gladeleg ut i polemikkar med andre aviser, særleg den arge konkurrenten Romsdals Budstikke i Molde. Etter to månader kunne Lerheim skryte av å ha fått «vel 1000 Abonnenter paa Landsbygden». Talet på medarbeidarar og «abonnentsamlere» rundtom i distriktet auka også. Avisa inneheldt ikkje berre stoff om jordbruket og andre «Næringsveie», men også om nasjonale og internasjonale saker.

I 1900 fekk Lerheim installert sitt eige trykkeri på garden. Avisa kom no ut to gonger i veka, og Lerheim skreiv at avisa hans no var det beste «Avertissementsblad» i fogderiet Romsdalen. Han hadde ambisjonar om at Jordbrugeren skulle «omspende hele Romsdals Amts Landdistrikter», og hadde tingarar på Nordmøre og Sunnmøre. Ifølgje avisa sjølv steig opplaget til 1600 mot slutten av året 1900. Avisa heldt likevel fram med å vere hovudsakleg for det næraste distriktet rundt utgjevarstaden.

Flytting til Åndalsnes

I 1905 flytte Lerheim avisa til tettstaden Åndalsnes, samstundes som han heldt fram med gardsdrifta. Ved unionsoppløysinga i 1905 markerte Lerheim seg som republikanar, men kravde at kongen skulle vere norsk dersom kongedøme skulle bli styreforma.

Jordbrugeren dreiv valkamp for Bondepartiet etter at partiet blei etablert i 1920. Nokre formelle band synest det likevel ikkje å ha vore mellom avis og parti.

I 1925 blei namnet på avisa fornorska til « Jordbrukeren». Året etter fekk ho ein lokal konkurrent, Åndalsnes Avis. Konkurransen må ha forsterka dei problema avisa då sleit med. Utstyret var nedslite og gammaldags, og avisa hadde ikkje råd til tekniske forandringar. Siste nummer av Jordbrukeren kom 29. desember same året.

Fakta

  • Fyrste nummer 5.4.1899, fyrste redaktør Erik Lerheim.
  • Siste nr. 29.12.1926.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg