Jul i Hålogaland var eit julehefte som vart gitt ut av Troms ungdomsfylking og Lofoten og Vesterålen ungdomslag. Det kom ut med 12 nummer frå 1933 til 1959.

Jul i Hålogaland vart første gongen gitt ut som tillegg til ungdomsbladet Midnatsol i 1933. Redaktør var Hilmar Rørmark. Etter den første årgangen vart det ein pause heilt til i 1949. Frå då av kom juleheftet ut årleg til og med 1959. Redaktør var Marius Evjeberg frå Bøstad i Lofoten, som òg redigerte bladet Midnatsol.

Juleheftet inneheldt variert litterært og kulturhistorisk stoff frå Nord-Noreg. Det var mest dikt, noveller, småforteljingar av ymse slag, historiske skildringar, men òg nokre aktuelle reportasjar. Forfattarane var frå landsdelen. Dagmar Blix frå Vestvågøy skreiv i kvar einaste årgang. Andre forfattarar var Astrid Langjord, Ruth Alvsen, Ola Berg, F.O. Larssen, Hans Kr. Eriksen, Are S. Lind, Kyrre Finn, Peder Berg Rolness og fleire. Dei siste sidene, og ofte side to, inneheldt lokale annonsar. Framsida på kvart hefte var illustrert i fargar med nordnorske naturmotiv, dei fleste signerte Anders Moe Rognhaug.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg