Hopp til innhold
X
Innhald

Jul i Sunnfjord

Jul i Sunnfjord, julehefte utgitt av Sunnfjord Sogelag som har kome ut årleg i Førde sidan 1926.

Jul i Sunnfjord har opp gjennom åra hatt eit variert innhald av kulturhistorisk og litterært stoff frå Sunnfjordbygdene, ført i pennen av lokale skribentar. Olai Nordeide, redaktør i avisa Firda, redigerte lenge heftet. Sakprosastoffet i Jul i Sunnfjord omfattar mellom anna lokalhistoriske artiklar, minneord og småstubbar om menneske som har levd i eller har kome frå Sunnfjord. Det skjønnlitterære stoffet er for det meste dikt, noveller og småforteljingar. Dei siste sidene inneheld lokale annonsar. Dei fleste årgangane har eit praktbilete frå Sunnfjord på framsida, frå 1960-åra i fargar.
 
Jakob Sande publiserte diktet «Julekveld» første gongen i Jul i Sunnfjord i 1931. Dette har sidan vorte ein mykje brukt julesong under tittelen «Det lyser i stille grender». Jul i Sunnfjord hadde i perioden 1933–63 tittelen Jol i Sunnfjord.
 
Kjelder
Jul i Sunnfjord, årgangane 1926–2008
 
Peikarar

Først publisert: 10.09.2009
Sist oppdatert: 03.01.2014