Hopp til innhold
X
Innhald

Karmøy-Bladet

Karmøy-Bladet var eit av dei mest vellukka av fleire forsøk på å drive lokalavis på Karmøy. Avisa hadde skiftande profil og var dei siste åra ein del av A-pressa.

Det var eit par spreidde tilløp til lokalaviser på Karmøy i byrjinga av det førre hundreåret. I 1904 grunnla skreddar Gabriel Wold Karmøens Tidende, som heldt det gåande med nokre avbrot til 1916, og i 1912 oppstod Kopervik Tidende, som eksisterte til 1931. Eit mykje meir seriøst avisføretak var Karmø-Posten, som blei etablert i 1911 i form av eit aksjeselskap, med Audun H. Telnæs som første redaktør. Fram til 1919 veksla det med redaktørar. Då overtok Hans Tunge og Hilding Lanton og døypte avisa om til Karmøy-Posten, til stor forarging i riksmålsvenlege krinsar. I 1921 overtok Lanton avisa åleine, og han kom til å setje sitt preg på den vidare utviklinga av avisarbeidet på Karmøy. Bladet kom ut i Kopervik ein gong i veka og hadde sitt eige trykkjeri.

 

Karmøy-Posten avslutta verksemda i 1939 og gjekk inn i Haugesunds Dagblad. I desember 1954 etablerte Lanton ei ny avis, Karmøy-Bladet. Ho blei trykt i Karmøy-Posten sitt gamle trykkjeri og heldt det gåande ein gong i veka med fire sider, fram til 1971. Då blei Karmøy-Bladet overteke av arbeidarpressa, etter at det frå lokalpolitisk hald i Karmøy frå tidleg i 1960-åra var teke kontakt med utgivarane. Frå no av markerte Karmøy-Bladet seg ganske annleis, både politisk og nyhendemessig. Den første redaktøren blei Olav M. Wikre, ein framståande lokalpolitikar som i det første nummeret retta ein takk til Hilding Lanton for «trofast virke i lokalpressen i over 40 år». Avisa blei no trykt i Rogalands Avis og seinare i Odda i offset og tabloidformat. Sidetalet kom opp i åtte, og nokså snart kom avisa ut to gonger i veka.

 

O.M. Wikre døydde i 1973 i ei bilulukke i Skudeneshavn. Etter han blei Terje Emil Johannessen frå Haugesund redaktør. Han blei ved årsskiftet 1974–75 etterfølgd av John Sjursen frå Arendal, som blei tilsett som redaksjonssjef i Arbeiderbladet i Oslo i 1976. Så kom Kåre Rennestraum, også han frå Arendal, i august 1977, etterfølgd av Kåre Ludvig Hansen, som sat til februar 1978. Deretter følgde Nils Erik Langva frå Ålesund. Han var den første som også blei disponent i tillegg til redaktørjobben. Han verka til årsskiftet 1983–84, og etter han kom Odd Atle Urvik frå Haugesund.

 

Urvik gjorde det klart at Karmøy-Bladet først og fremst skulle vere ei lokalavis, utan nokon tydeleg partipolitisk profil. I leiarartikkelen julaftan 1985 blir det optimistisk slått fast at avisa skal utvide til tre utgåver i veka. Sommaren 1987 var det likevel slutt.

 

I 1910 flytta åtte år gamle Hilding Lanton med dei svenske foreldra sine frå Örebro til Kopervik. Faren var typograf, og Hilding Lanton gjekk i typograflære i Kopervik Tidende. 16 år gamal debuterte han som skrivande journalist, og seinare blei han både utgivar og redaktør.

 

Under krigen blei Hilding Lanton innsett som redaktør i Haugesunds-Pressen, av okkupasjonsmakta samanslått av Haugesunds Avis og Haugesunds Dagblad. Det politiske engasjementet hans var likevel av ein passiv og «ufarleg» karakter, og då han i desember 1954 sette i gang med avisa Karmøy-Bladet, med sonen Karl Lanton som utgivar, fekk den nye avisa ei positiv mottaking. Avisa var erklært som «upolitisk lokalblad» og kom ut ein gong i veka. Hilding Lanton var redaktør til han selde Karmøy-Bladet i 1971. Lanton hadde ei rekkje tillitsverv i mållag og i fråhaldsrørsla. Han døydde i 1985.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017