Hopp til innhold
X
Innhald

Lofotposten

Lofotposten i Svolvær har gått opp og ned i takt med lofotfisket. Opplaget er ikkje som i velmaktsåra, men framleis er Lofotposten eit viktig talerøyr for fiskerinæringa og for nordnorske interesser.

Lofotposten blei grunnlagd på restane av den første avisa i Lofoten, den konservative Lofotens Tidende. Etter femten års drift i Kabelvåg gjekk denne avisa konkurs i 1895. Postmeister Erik Lund og ei gruppe handelsmenn kjøpte henne opp, flytta verksemda til Svolvær og starta Lofotposten i 1896. Etter ei tid med Lund som redaktør overtok faktor Johan Edvard Paulsen i 1899. Han fekk etter kvart også økonomisk kontroll og innleidde eit tregenerasjonars Paulsen-dynasti, som varte til 1990. Avisa gjekk jamt framover i første halvdel av 1900-talet. I 1936 kom ho første gongen ut som dagsavis. Opplaget toppa seg i 1946, med ein rekord på vel 30 000 eksemplar. Dei økonomiske resultata var svært gode til og med 1950-åra.

 

Lofotposten greidde å etablere seg som den leiande avisa i Nord-Noreg. Eit viktig grunnlag for denne posisjonen var den rolla lofotfisket hadde i nordnorsk økonomi. Det tiåret då avisa blei etablert, var 20 000–30 000 fiskarar med i fisket. Dei utgjorde ikkje berre ein marknad for avisa under vinterfisket, men tok henne òg med seg heim att. Fiskerimeldingane blei noko av kjernestoffet. Politisk stod avisa på borgarleg side. Ho blei lansert med ein Høgre-profil, men gjekk snart over til å kalle seg «upolitisk». Først og fremst var avisa landsdelspatriotisk, på permanent vakt mot alt som kunne smake av diskriminering, urett og nedprioritering av nordnorske interesser. Det kunne av og til kome på tvers av den borgarlege lojaliteten. Eit typisk eksempel var Jernverket i Mo i Rana, der Arbeidarparti-regjeringa hadde ein trufast alliert i Lofotposten.

 

Frå slutten av 1950-åra kjempa avisa i motbakke. Det blei satsa offensivt med nye avdelingskontor og nytt avishus i Svolvær, men tendensen lét seg ikkje snu. I 1965 gjekk Nordlys i Tromsø forbi i opplag, med 20 718 eksemplar. I 1970 var Lofotposten nede i 15 000. Deretter stabiliserte opplagstalet seg ei tid, men fall i 1989 ned på 12 000-talet. Avisa gjekk tilbake omtrent i takt med omfanget av lofotfisket. Utbygginga av kommunikasjonane, som alltid hadde vore ei merkesak for avisa, førte til vekst i byane både lenger nord og lenger sør, medan lokaliseringa i Svolvær blei mindre og mindre gunstig. I 1990 selde Bjørn Paulsen avisa til trioen Frank A. Jensen, Brynjar Tollefsen og Billy Jacobsen. I 1995 selde dei avisa vidare til A‑pressa, no Amedia.

 

Peikarar

Nettstaden til Lofotposten

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 24.11.2017