Hopp til innhold
X
Innhald

Marsteinen

Lokalavisa Marsteinen blei skipa i 1978 og er ei vekeavis for fiskeri- og sjøfartskommunen Austevoll i Hordaland.

Marsteinen kom ut med eit presentasjonsnummer i mai 1978, før den første utgåva kom 4. august same året. Avisa kjem ut kvar torsdag, er partipolitisk uavhengig og blir redigert på nynorsk. Utgivar er Austevoll Forlag AS, og redaktør er Trond Hagenes. Marsteinen er tilknytt Landslaget for lokalaviser.
Behovet for ei avis melde seg særleg då dei store næringsendringane gjekk føre seg i Austevoll i 1970-åra. Austevoll Forlag AS blei stifta 15. mai 1978 for å gi ut avisa og trykksaker av ulikt slag. Avisa fekk namn etter kystfyret Marsteinen frå 1877, som ligg nordvest i kommunen og ved innseglinga til Bergen.
Marsteinen har i 2013 eit opplag på 2367 eksemplar, og det har halde seg svært stabilt sidan skipinga. 739 av abonnentane bur utanfor kommunen.
I forlaget sine vedtekter frå 1978 står det at avisa i tillegg til å vere lokalavis for Austevoll skulle vere fiskeriavis for ytre strok i Hordaland. Langt på veg tilfredsstiller avisa denne målparagrafen, særleg ved at havfiskeflåten og fiskerinæringa også i andre kommunar i fylket får brei dekning. Dessutan dekkjer avisa maritime næringar i kommunen, mellom anna havbruk, forsyningsverksemd og utstyrsindustri for fiske-, forsynings- og handelsflåten.
I mangel på lokalhistorisk tidsskrift i Austevoll fram til 2013 trykkjer avisa jamleg ulikt historisk stoff om kommunen. Særleg er mykje fiskerihistorie blitt publisert i Fiskerimagasin frå Austevoll, som forlaget har gitt ut sidan 2004.
Kjelder
Samtale med redaktør Trond Hagenes 14.8.2013
Samtale med den første leiaren i Austevoll Forlag AS, Bjarte Notnæs, 14.8.2013
Marsteinen sitt presentasjonsnummeret, mai 1978
Nettstaden til Marsteinen: http://www.austevollforlag.no/ [lesedato 12.8.2013]
Peikarar

Først publisert: 28.02.2014
Sist oppdatert: 28.02.2014