Faktaboks

Meråkerposten
Offisielt namn
MERÅKERPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Meråker
Dagleg leiar
Geir Jonny Rognan
Styreleiar
Sivert Rossing
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Meråkerposten er ei lokalavis som kjem ut i Meråker. Avisa blei grunnlagd i 1982 og er eigd av Trønder-Avisa med 65 prosent og Amedia med 35 prosent.

Avisa dekkjer Meråker kommune. Meråkerposten er ei av dei minste avisene i landet og kjem ut éin gong i veka. Likevel har ho så langt greidd seg godt i konkurransen med større naboar.

Meråkerposten er eit døme på at det går an å gi ut avis for og i ein liten kommune, når ho berre er lokal og leseverdig nok. Meråker kommune har knapt 2500 innbyggjarar, og grunnlaget for eit eige presseorgan er såleis spinkelt. Men Meråkerposten har eksistert heilt sidan 1982, trass i at konkurransen frå avisene i Stjørdal har vore merkbar.

Historie

5. august 1982 kom det første nummeret av Meråkerposten ut. Grunnleggjaren, Bendik Christensen, var fødd og oppvaksen i Meråker, og han meinte at heimbygda fortente ei avis. Karsten Tidemann, som seinare blei eigar og redaktør av Meråkerposten, kom til Bendik med ein artikkel like etter at bladet var kome i gang. Han blei tilsett der og då som annonseseljar

I 1982 var Bendik Christensen på ferie i Spania og ville forlengje opphaldet til tre månader. Dermed selde han avisa over telefon til Karsten Tidemann og Dagny Selliset, som òg arbeidde i avisa. I 1985 selde Selliset sin del, og Tidemann og kona hans, Inger Ree, blei eigarar.

Avisa kjem ut kvar torsdag. Den første tida hadde Meråkerposten kontora sine i Gudå. I 1990 flytta dei til den nedlagde Mustad skule i sentrum av Meråker. Avisa fekk ein oppsving tidleg i 1990-åra. På det meste hadde ho 1350 abonnentar, og det i ei bygd med 1130 husstandar. Dei var på den tida fem tilsette, mellom dei Nils Martin Tidemann, som seinare blei redaktør i Arbeidets Rett på Røros.

I 1996 selde Tidemann-familien verksemda til Adresseavisen, men ekteparet Tidemann heldt fram i avisa i to og eit halvt år til, han som redaktør. Så slutta dei, og Svein Karsten Henden var redaktør ei kort tid, før Svein Halvor Moe tok over. I år 2000 selde Adresseavisen bladet, og Moe kjøpte. Moe var redaktør i fire–fem år, men seinare blei Knut Johansen tilsett i denne stillinga

Den tekniske produksjonen av Meråkerposten skjer i Fonnfjell Design, som Moe er medeigar i. I den lengste tida har Meråkerposten vore trykt i Rotasjonstrykkeriet i Trondheim, men sats og utforming av sidene har heile tida skjedd i Meråker. Dei første to tiåra blei dette arbeidet gjort av avisa sine eigne folk.

I juni 2021 vart det klart at Trønder-avisa og Amedia kjøpte ut mangeårig redaktør og eigar i tjue år, Svein Halvor Moe, frå Meråkerposten. Trønder-avisa kjøpte 65 prosent og Amedia kjøpte dei resterande 35 prosentane av selskapet.

Opplag

Opplagstall for Meråkerposten, 1986-2022

1986 1411
1988 1714
1990 1713
1991 1679
1992 1553
1993 1440
1994 1396
1995 1283
1996 1293
1997 1231
1998 1190
1999 1342
2000 1250
2001 1255
2002 1218
2003 1234
2004 1225
2005 1115
2006 1131
2007 1199
2008 1357
2009 1279
2010 1238
2011 1201
2012 1094
2013 1103
2014 1067
2015 1040
2016 1005
2017 923
2018 892
2019 871
2020 909
2021 1015
2022 1468
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1986 1411
1990 1713
2005 1115
2008 1357
2015 1040
2020 909

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Meråkerposten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg