Minneapolis Tidende, 1. januar 1914
Av / Chronicling America: Historic American Newspapers. Lib. of Congress..

Minneapolis Tidende var ei allsidig og uavhengig norsk storbyavis som fekk lesarar over store delar av USA.

Faktaboks

Uttale
miniˈæpəlis –

Minneapolis Tidende vart starta som vekeavis i Minneapolis, Minnesota, i 1888 av Thorvald Gulbrandsen frå Moss. Han slo fast at Minneapolis Tidende skulle vere eit uavhengig nyhende- og familieblad. Avisa sympatiserte med demokratane, men heldt ein lav politisk profil. Unntak vart gjorde ved lokale valkampar, då argumenterte avisa tydeleg for den kandidaten dei meinte ville tene norskamerikanarane best.

Det var eit mål for avisa å vere relevant for flest mogleg norskætta i storbyen. På slutten av 1800-talet hadde nordmenn og etterkomarane deira i Minneapolis fått fotfeste på mange arenaer. Dei gjorde seg gjeldande som entreprenørar og forretningsfolk, ungdomar kunne studere ved det nystarta skandinaviske instituttet ved universitetet i byen, og mange var med i det rikhaldige foreiningslivet. For alle gruppene vart Minneapolis Tidende eit viktig meldingsblad, samtidig som innvandrarane vart kjende med andre delar av immigrantmiljøet.

Redaktørane var opptekne av at avisa sin horisont måtte nå ut over det norske og formidle fellesamerikanske synspunkt og verdiar. Det gjorde dei ved å skrive oversiktsartiklar om aktuelle tema og samfunnsforhold, men målet var å informere, ikkje misjonere. Debatt kunne verke splittande. Den enkelte redaktøren prega innhaldet i avisa på sitt vis. Då den kulturengasjerte Carl G.O. Hansen vart redaktør, starta han ei musikkspalte som orienterte om nordisk musikkliv.

Minneapolis Tidende lokka til seg lesarar utanfor både byen og staten. I 1914 var opplaget på 32 000, og lesarane var spreidde over heile USA. I åra før første verdskrigen abonnerte nesten kvar einaste norskamerikanske husstand på ei norskspråkleg avis. Minneapolis Tidende, Decorah-Posten og Skandinaven stod for over ein tredel. Etter krigen tapte norsk språk terreng, og i 1935 vart Minneapolis Tidende kjøpt opp av Decorah-Posten.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder

  • Odd S. Lovoll: Norske aviser i Amerika, omsett av Lovoll og Astrid Skår. Oslo 2012
  • Chronicling America: «About Minneapolis Tidende, 1895–1935», chroniclingamerica.loc.gov
  • Johs B. Wist ofl: Den norsk-amerikanske presse. Minneapolis Tidende, artikkel i Norsk-Amerikanernes Festskrift 1914. Decorah, Iowa 1914

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg