Hopp til innhold
X
Innhald

Molde Annonceblad

Molde Annonceblad skulle vere ei upolitisk avis og profilerte seg mest ved å støtte fråhaldssaka. Etter kvart blei ho meir og meir ei avis for bøndene, og i 1928 blei ho innlema i den nye bondeavisa Fylket.

Molde Annonceblad blei etablert i Molde i 1893. Sidan første årgang er gått tapt, kjenner vi ikkje datoen for det første nummeret. Ludvig M. Eeg var den første redaktøren (til 1912) og utgivaren (til 1918). Byen hadde då to aviser, Romsdals Budstikke og Romsdals Tidende, som representerte høvesvis Venstre og Høgre. Men Molde Annonceblad skulle ikkje vere noko partiorgan og plasserte seg heller i tradisjonen av «adresseaviser». I ein eigenannonse i 1894 blei det uttrykkjeleg slått fast at avisa «agter ikke at indtage noget afgjort politisk Standpunkt».

 

Det redaksjonelle innhaldet var stort sett som det ein kunne finne i andre aviser på den tida, med nyhende, politiske saker, artiklar om ulike emne, og underhaldningsstoff. Dette hindra ikkje at avisa profilerte seg på visse saker. Heilt frå starten av var ho ein varm tilhengjar av fråhaldssaka, ho skulle verke til «fremme af Ædruelighed blandt vore Folk». Vidare var det tydeleg at bøndene i regionen var ei viktig målgruppe. Avisa hadde ein god del landbruksstoff, gjerne under vignetten «Landbrugstidende». I 1896 melde avisa at ho hadde eit opplagstal på 630 og framheva seg sjølv som både «Amtets billigste Blad» og eit «meget fordelagtigt Avertissementsblad».

 

I det nye hundreåret heldt avisa fram med å støtte fråhaldssaka, og ho blei etter kvart organ for Frisinnede Venstre. I 1920 kom det inn nye eigarar som (re)lanserte avisa som fråhalds- og Venstre-organ. Men det var «Bygde-Venstre» og Landmandsforbundet avisa støtta, medan den største konkurrenten, Romsdals Budstikke, representerte «By-Venstre» og dermed var upopulær ute i romsdalsbygdene.

 

Bøndene i regionen prøvde først å kjøpe opp Molde Annonceblad, men lukkast ikkje i første omgang. Men då bøndene i 1927 starta avisa Fylket, varte det ikkje meir enn vel eitt år før Molde Annonceblad blei slukt av den nye avisa. Det siste nummeret av «Annoncebladet» kom ut 31. oktober 1928. Frå då av var det gamle avisnamnet ein periode undertittel for den nye «bondeavisa» Fylket.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 16.11.2017