Avishode
Avishode
Av /Norsk presses historie.

Møre Tidend var ei avis som vart gitt ut i Ålesund i fleire periodar mellom 1917 og 1927. Forløperen Søndmøre Folkeblad var den første norske avisa som hadde fråhaldssak som profil.

Historie

Forside av Møre Tidend

Forsida av Møre Tidend frå 11. juli 1917. Det første nummeret av avisa kom ut ein månad tidlegare.

Forside av Møre Tidend
Nasjonalbilioteket .

Forløparar

Skulestyrar O. M. Uri og lærar E. Sæter hadde i 1883 starta og drive fråhaldsavisa Totalafholdsbudet i Ålesund. Etter kvart kjende fråhaldsfolket behov for eit eige organ som skulle famne vidare. I 1892 kom difor Søndmøre Folkeblad med Uri og Sæter som redaktørar. Avisa skulle skrive om religiøse spørsmål og vere vennleg innstilt overfor målsaka og støtte Venstre. Likevel kan det seiast at ho var den første norske avisa som hadde fråhaldssaka som hovudprofil.

Avisa blei i stor grad laga på dugnad. Dårleg økonomi pressa frekvensen ned frå tre til to utgåver i veka i 1894. I 1897 var det ny aksjeteikning, og aksjonærane kjøpte ny presse. I Ålesunds-brannen i 1904 gjekk det meste tapt, og det avisa eigde var kraftig underassurert.

Nokre av aksjonærane kjøpte restverdiane og fekk avisa i gang att. I 1909 sa E. Sæter takk for seg som redaktør, og to andre lærarar, Kr. Vigdal og Th. Vatne, tok over. I 1911 var Olav Gullvåg den fyrste redaktøren på heiltid. Etter eit års tid heldt Gullvåg fram karriera si i Norig og Gula Tidend. Deretter var L.S. Underdal redaktør fram til 1914, då overrettssakførar Kristofer Bernhard Hagen vikarierte til Jac. Skylstad tok over som redaktør inntil avisa gjekk inn i 1917.

Møre Tidend

Møre Tidend

Mykje av den innsamla aksjekapitalen gjekk med til å kjøpe eit hus til 70 000 kroner og ei presse, slik at det blei for lite att til å dekkje underskotet dei første åra.

Møre Tidend
Av /Norsk presses historie.

Samme år tok Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag initiativet til Møre Tidend, som var eit framhald av Søndmøre Folkeblad. Målsetjinga var ei nynorsk dagsavis, det «einaste morgon-dagblad mellom Bergen og Trondheim». Fråhaldssak, Venstre-sak og omtanke for bondeyrket skulle framleis vere avisas program. Målet var også å hindre at Landmandsforbundet skulle omdanne seg til eit eige parti.

Ungdomssamlaget samla inn 107 500 kroner, nok til eit hus i Ålesund sentrum og ei brukt presse frå Fredrikstad. Ein kjøpte utstyret til Søndmøre Folkeblad, mot at eigaren av denne avisa, M.A. Lervik, blei disponent i den nye avisa.

Det første nummeret av Møre Tidend kom ut 11. juni 1917, med Klaus Sletten som bladstyrar. Avisa vart den første dagsavisalandsmål med seks utgåver i veka. Undertittelen «Søndmøre Folkeblads 26. årgang» forsvann fort.

Aviskonkurransen i Ålesund var hard og annonsemarknaden liten. Etter eit år måtte avisa redusere til tre utgåver i veka, og avisa gjekk inn i 1920. I 1921 kom avisa ut på nytt, men berre i nokre månader.

I 1926 blei namnet teke i bruk på nytt, no med undertittelen «Bondeblad for Møre», og med Hans E. Osnes som redaktør. No var det bondenæringa som skulle stå i fokus, og avisa blei eit talerøyr for det Bondepartietsom tok over etter Landmandsforbundet. Også denne avisa fekk eit kort liv på vel eitt år, og avisa vart lagd ned for godt.

Fakta

  • Søndmøre Folkeblad: prøvenr. november 1891, fyrste ordinære nr. 1892. Siste nr. 30. juni 1917
  • Møre Tidend: fyrste nr. 11. september 1917. Siste nr. 28. oktober 1920.
  • Møre Tidend: kom også ut frå 4. mai 1921 (nr. 2) til 7. november 1921 og frå 4. desember 1926 til 28. desember 1927.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg