Hopp til innhold
X
Innhald

Morgenbladet

Morgenbladet har gjennom si nesten 200 år lange historie hatt markante redaktørar, svak økonomi og skiftande politisk og redaksjonell profil. I dag er vekeavisa Morgenbladet ei av dei fremste kultur- og debattavisene i Noreg, med ein særleg sterk posisjon ved universitet og høgskular.

Med sterke redaktørar, men eigarar som ikkje evna å få avisa lønsam, blei Morgenbladet beviset på eit liv etter døden. Nokon, som regel Høgre, avverja konkurs fram til 1983. Det som deretter kom ut med namnet Morgenbladet, var verken oppstode eller renessanse.

 

Avisa blei grunnlagd i 1819 av teologen Niels Wulfsberg som ein bladlapp utan meiningar og blei i 1821 overteken av boktrykkjar Rasmus Hviid. Deretter var Morgenbladet eigd av familien de Besche fram til 1902, då eit Høgre-dominert aksjeselskap flytta bladet til «Morgenblad-gården» vis-à-vis Stortinget. Frå 1831 gjorde Adolf Bredo Stabell, politikar og forretningsmann, Morgenbladet til ei avis. Etter å ha vore eit liberalt opposisjonsorgan var avisa uavhengig konservativ etter 1848.

 

Under Stabell sin etterfølgjar i 1857, redaktør Christian G. Friele, var Morgenbladet den leiande og viktigaste avisa i landet i 1860- og utover i 1870-åra – hovudorgan for regjeringa, embetsmennene, prestane og dei finare grosserarane. Avisa hadde, skreiv Gerh. Gran i 1916, ei terroriserande maktstilling, med «troende kulsviere, fanatiske tilhængere og forbitrede hadere».

 

Friele gjorde Morgenbladet frykta og respektert, men fylte avisa med politikk så til dei gradar under dei opprivande politiske oppgjera i 1880-åra at bladet blei akterutsegla nyhendemessig.

 

Då Friele gjekk av i 1893, mobiliserte redaktør Nils Vogt Morgenbladet som leiande nasjonal avis i sluttfasen før oppløysinga av unionen. Han fekk nye eigarar til å satse på avisa, men lukkast ikkje. Det gjorde heller ikkje den markante politikaren C.J. Hambro.

 

Etter å ha provosert okkupasjonsmakta under andre verdskrigen blei Morgenbladet stoppa i 1943 og redaktørane arresterte. I 1945 heldt utgivinga fram, men trass i eineståande goodwill i opinionen makta ikkje avisa å skaffe balanse i rekneskapane. Avisa måtte haldast i live med redningsaksjonar. Då Oslo Høgre for siste gong bidrog i 1975, braut Morgenbladet med sine siste prinsipp, søkte og fekk statsstøtte.

 

Morgenbladet gjekk konkurs i 1983, og buet blei overteke av organisasjonen Libertas. Avisa er seinare gjenoppliva fleire gonger som vekeavis under skiftande eigarskap.

 

Det siste forsøket, i 2003, viste seg å vere vellukka. Institusjonen Fritt Ord gjekk inn som majoritetseigar i Morgenbladet, som etter tusenårsskiftet har utvikla seg til å bli ei av dei leiande kultur- og debattavisene i landet, med stigande opplagstal. Avisa står særleg sterkt i det akademiske Noreg.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017