Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord

Avisa Nordfjord var den første på Sandane, og organ for partiet Høgre. Med Nordfjord blei sportsjournalistikken introdusert i Sogn og Fjordane. Avisa blei stogga under krigen og kom ikkje ut etterpå.

Avisa Nordfjord gjorde i 1896 Sandane til den fjerde varige avisbygda i Nordre Bergenhus amt. Nordfjord kosta to kroner i året og kom ut kvar laurdag fram til 1907, då ho byrja å kome ut to dagar i veka. Avisa var eit produkt av Høgre sin iver etter å sikre valtriumfen frå 1894. Partiet sin strategi i Sogn og Fjordane var nye aviser, så mange som mogleg, så snøgt som råd. Frå utsida blei oppdraget utforma av mediestrategane i Bergen Høgre, som igjen lente seg på den avisfaglege kompetansen i den store konservative avisa i vestlandsbyen, Bergens Aftenblad. Rasmus Thorsen var første utgivar og redaktør. Etter eitt års tid var Nordfjord såpass bra i gang at Thorsen kunne fare til Vik i Sogn for å etablere endå ei Høgre-avis: Sogningen.

Den nye avisa i Nordfjord skulle bli ein viktig utpost for partiet. Avisa Nordfjord skulle demme opp for den politiske påverknaden Venstre-organet Fjordenes Blad på Eid hadde øvd på fjordregionen i meir enn 20 år. Avisa på Sandane blei også eit nytt lokalblad, til glede for dei som budde på sørsida av den lange Nordfjorden, og jamvel sørover til Sunnfjord. Regionen Sandane-Førde hadde ikkje hatt aviser så langt.

Fleire bladstyrarar var innom Nordfjord dei første åra, dei dreiv avisa som ein geskjeft på si. Første tida var prega av mykje redaksjonelt amatørskap. Det blei eit fast grep om redaksjonen først etter at O.J. Nyhagen kom på plass. Han styrte bladet i meir enn tretti år, ei uvanleg lang bladstyrarkarriere for denne perioden.

Nordfjord fekk støtte frå Høgre og tviheldt på riksmålet og den konservative kursen. I 1930-åra måtte bladet fleire gonger ty til nødhjelp frå partiorganisasjonen for å overleve.

Avisa var eit typisk familieføretak. Gjennom mellomkrigstida tok bladstyraren sine tre søner og to døtrer aktivt del i bladstova. Nyhagen var også ein allsidig idrettsfamilie og gjorde Nordfjord til den fremste og tidlegaste sportsavisa i amtet. Men Nordfjord gjekk smalare tider i møte frå 1924, då avisa måtte dele Gloppen og omland med Firda Tidend, det første Bondeparti-bladet i Sogn og Fjordane.

Etter instruks frå okkupasjonsmakta gjekk Nordfjord inn i 1942. I avskilshelsinga ønskte avisa lesarane vel møtt igjen, men ho kom aldri meir att. Då krigen var over, var Nyhagen blitt ein gamal mann, og Høgre valde å avstå frå å gjenopplive avisa på Sandane. I staden valde partiet nokre år etter krigen å styre ressursane sine til ei anna avis i Nordfjord, Fjordingen i Stryn.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017