Nordlands Arbeiderblad var ei kommunistisk avis i Narvik med fyrste utgåve i 1931. Avisa stod sentralt i kampane i arbeidarrørsla før og etter andre verdskrigen. I 1948 blei ho utsett for eit bombeattentat og blei lagt ned i 1958.

Historie

Avisa Friheten var det einaste partiorgan til Norsk Kommunistisk Parti (NKP) i Nordland frå 1923 til desember 1928. Deretter følgde ei tid med Dagens Nyheter (Harstad) som partiorgan for kommunistmiljøet i Narvik. Samstundes med samanslåinga av NKP i Nordland og Troms blei særtrykk av Dagens Nyheter sende til Narvik frå Harstad i eitt år i 1929. Våren 1931 vart Dagens Nyheter lagt ned. Hausten 1931 starta Frithjof A. Strøm ei ny kommunistavis i landsdelen og blei den første redaktøren i Nordlands Arbeiderblad. Den første tida blei avisa trykt i Bodø, men i 1936 blei trykkinga flytta til Narvik.

Strøm blei avløyst av vardøværingen Gotfred Hølvold i to år frå 1933. Han hadde studert ved Arbeidaruniversitetet i Moskva, noko som kopla NKP sterkare til Sovjetunionen. Hølvold var i sovjetisk eksil under andre verdskrigen. Etter krigen var han ordførar i Sør-Varanger og redaktør for NKP-avisa Øst-Finnmark i 1949–1951.

Samlande etter krigen

Under stordomstida til NKP like etter andre verdskrigen fekk partiet i Narvik 1335 stemmer ved stortingsvalet og 1178 ved kommunevalet hausten 1945. Dette var også ei turbulent tid for NKP, med sterke åtak utanfrå då samlingsforsøket med Arbeidarpartiet stranda. NKP var òg herja av intern strid, men avisa Nordlands Arbeiderblad var eit samlande arbeid for heile kommunistrørsla i landsdelen. Ein kampanje ved årsskiftet 1947/1948 resulterte i rundt 800 nye abonnentar og eit opplag på ca. 5000. Frithjof A. Strøm, som hadde vore aktiv motstandsmann under krigen, kom då tilbake som redaktør.

Dagen etter at Einar Gerhardsen i februar 1948 hadde peika ut NKP som ein fare for tryggleiken i landet, møtte eit hundretals demonstrantar opp ved Nordland Arbeiderblad sine lokale. Avisa måtte stå til rette for skuldingar om manglande demokrati og pressefridom bak «jernteppet».

Bombeattentat

Natt til 17. september 1948 førte ei sprengladning utanfor redaksjonslokala til at inngangen blei øydelagd, og vindauga i både avishuset og nabolaget blei knuste. Bombeattentatet likna aksjonen mot avisa Norrskensflamman i Luleå i 1940, der fem personar omkom. Attentatet i Luleå var planlagt i lokala til ei konkurrerande avis, og ein journalist frå denne avisa medverka. I Narvik var tonen skarpast mellom Nordland Arbeiderblad og avisa Fremover, og Fremover-redaktør Odd Finseth hadde pistol i skrivebordsskuffen i dagane etter attentatet.

I takt med tilbakegangen for partiet NKP gjekk også opplagstalet ned, inntil avisa vart lagt ned i 1958.

Opplag

År Opplag
1950 2000

Fakta

  • Nordlands Arbeiderblad: fyrste nr. 28.10.1931.
  • Førebels siste nr. 9.4.1940. Utkom 9.8. og 14.8.1940.
  • Fyrste nr. etter krigen 5.7.1945.
  • Nordland Arbeiderblad fra nr. 3 i 1946.
  • Siste nr. 25.10.1958.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg