Hopp til innhold
X
Innhald

Nordlys

Bladet Nordlys i Tromsø har hatt markante redaktørar og har vore den tydegaste røysta frå Nord-Noreg i norsk presse. Den gamle arbeidaravisa var òg blant dei førande når det galdt å fri seg frå partibindinga.

I 1902 grunnla presten Alfred Eriksen avisa Nordlys på Karlsøy i Troms. Eriksen var ordførar og hadde i lengre tid utfordra herredømmet til handelsmennene i regionen. Nordlys blei ei plattform for ei rørsle med basis i fiskarbondesamfunna i Troms, som samla seg om Arbeidarpartiet og laga eit politisk jordskjelv i 1903, med over 60 prosent oppslutning i landdistrikta og alle dei tre stortingsmandata, med Eriksen i spissen. Avisa var frå starten eit organ for Arbeidarpartiet, sjølv om tilknytinga til partiet ikkje blei formalisert før i 1911. Etter at Eriksen kom på Stortinget, flytta avisa til Tromsø.

Nordlys spela ei viktig rolle for å utvikle ein felles identitet blant arbeidarane i ein by som no gjekk igjennom ein rask transformasjon frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Etter 1910 etablerte avisa seg klart på venstre fløy i arbeidarrørsla, særleg markert under redaktøren Peder Kaasmoli, som gjekk til NKP under partisplittinga i 1923. Etter eit kort mellomspel gjenerobra Arbeidarpartiet sine folk avisa og sette inn forretningsførar Ingvald Jaklin, som var redaktør samanhengande til han døydde i 1966.

Nordlys blei som den første arbeidaravisa stengd i august 1940, og praktisk talt heile redaksjonen flykta seinare til Sverige. Etter frigjeringa fekk Nordlys eit kraftig gjennomslag – på grunnlag av eit politisk gjennombrot for Arbeidarpartiet i Tromsø, der sjefredaktør Jaklin no blei ordførar. Avisa hadde òg ein moralsk kapital knytt til at Nordlys blei stengd så tidleg, medan konkurrenten kom ut som organ for NS – og hadde hatt gode inntekter ved at pressa deira blei brukt til å trykkje Deutsche Polarzeitung, ei avis for dei tyske soldatane i nord.

Etter Jaklin heldt Nordlys fram som partiavis også under etterfølgjarane Magne Jønsson og Reidar Nielssen. Det store skiftet kom under Ivan Kristoffersen (sjefredaktør 1982–97). Avisa erklærte at ho ikkje lenger var eit partiorgan, og i 1990-åra framstod ho i aukande grad meir som regionalistisk enn som partitru. Dette kom til uttrykk i motstand mot medlemskap i A‑pressekonsernet (ei sak som gjekk tapt i slutten av 1990-åra) og ved å støtte nei-sida før folkeavstemminga om EU i 1994.

Den politiske fristillinga kom til uttrykk ved tilsetjinga av Jonny Hansen som sjefredaktør i 1997. Hansen hadde ikkje bakgrunn i Arbeidarpartiet og blei seinare sjefredaktør i konkurrenten Bladet Tromsø. Hans Kristian Amundsen (sjefredaktør 2001–11) hadde derimot partiboka i orden, men førte vidare tradisjonen frå Ivan Kristoffersen som ein uredd og uavhengig talsmann for landsdelen.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.01.2020