Hopp til innhold
X
Innhald

Norske Intelligenz-Seddeler

Norske Intelligenz-Seddeler var den første avisa som kom ut i Noreg.

Ho vart starta av boktrykkjar Samuel Conrad Schwach i 1763, hovudsakleg som annonseorgan. I 1815–82 fungerte ho også som organ for offentlege kunngjeringar. I 1890 tok Hjalmar Løken over bladet og gjorde det til talerøyr for Venstre. Norske Intelligenz-Seddeler vart teken opp i Verdens Gang i 1920.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.11.2016
Sist oppdatert: 20.12.2016