Faktaboks

Nye Troms
Offisielt namn
AS NYE TROMS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Moen
Dagleg leiar
Gry Thorsteinsen
Styreleiar
Oddvar Bjarne Bjørnsen
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Framsida av Nye Troms 21. mars 1996.
Nye Troms/Nasjonalbiblioteket..
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Nye Troms er ei lokalavis som kjem ut i Olsborg i Målselv. Avisa blei grunnlagd i 1974 og er eigd av fleire mindre aksjonærar, mellom anna Målselv kommune som har den største aksjeposten. Avisa Nye Troms dekkjer Målselv, Bardu og Balsfjord i Troms.

Historie

Nye Troms i Målselv blei til under EF-striden. Avisa blei grunnlagd i 1974 av aktive EF-motstandarar, med den idealistiske og stridshuga redaktøren Torstein Wittington Tengelsen i spissen.

Dei fleste som stod bak skipinga av Nye Troms, hadde vore EEC-motstandarar i 1972. Tengelsen var nettopp avsett som redaktør i Troms Folkeblad og gjekk i brodden for ei ny avis, som skulle fremje miljøstandpunkt og vere ei motvekt til «the establishment». Fiendskapen mellom redaktøren si gamle avis, Troms Folkeblad, og Nye Troms var til tider slik at dei ikkje omtalte kvarandre med namn, men snakka om «hofforganet på Finnsnes» og «ein publikasjon på innlandet».

Økonomien i avisa var dårleg den første tida. Like før jul i 1974 blei det sett i gang ein aksjon for å nå 3000 abonnentar, noko dei lukkast med til ein viss grad. Kronerulling var det òg, og redaktør Tengelsen selde huset sitt og gjekk inn med ny kapital.

Trass dårlege redaksjonslokaler i startfasen greidde avisa seg, og i 1980 flytta dei inn i eige hus på Olsborg. I 1990-åra blei det gjort store investeringar i datautstyr, og eit fjerde trykkverk på pressa blei montert. Seinare la Nye Troms ned si eiga presse og fekk avisa trykt i Tromsø.

Nye Troms har alltid vore partipolitisk nøytral. Målselv kommune er den største aksjonæren, men det er rundt 675 aksjeeigarar til saman. Avisa kjem ut tre dagar i veka og dekkjer i hovudsak kommunane Balsfjord, Bardu og Målselv. I 2008 passerte opplaget 5000, men det har seinare gått litt tilbake.

Fakta

  • Fyrste nr. 26.3.1974

Opplag

Opplagstall for Nye Troms, 1986-2022

1986 2895
1988 3258
1991 3651
1992 3922
1993 3903
1994 3907
1995 4014
1996 4210
1997 4513
1998 4644
1999 4765
2000 4684
2001 4819
2002 4902
2003 4975
2004 4968
2005 5014
2006 4890
2007 5017
2008 5051
2009 4921
2010 4821
2011 4782
2012 4646
2013 4534
2014 4271
2015 4128
2016 3830
2017 3603
2018 3465
2019 3360
2020 3424
2021 3409
2022 3480
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1991 3651
1998 4644
2008 5051
2020 3424

Til og med 2008 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Nye Troms
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg