Avishode Ofotens Folkeblad
Avishode Ofotens Folkeblad
Norsk presses historie.
Redaktør Peder Nordsjø i Ofotens Folkeblad

Ofotens Folkeblad reklamerte for demokrati, framsteg og kultur, men blei aldri den avisa i Ofoten som fekk størst opplag. Peder Nordsjø (1881–1950) tok over som redaktør i 1923, og forma ei Venstre-avis som fann eit innsmett i sentrum av det politiske landskapet i regionen saman med Arbeidarparti-avisa Fremover, Høgre-avisa Ofotens Tidende og kommunistavisa Nordland Arbeiderblad. Peder Nordsjø (bilete) sat som redaktør til 1934, men er mest kjent for sin innsats i heimbyens musikkliv, både som songer og dirigent. Han skipa Narviks mannskor og Narviks guttekor, og i 1969 blei ei byste av Peder Nordsjø avduka i heimbyen hans.

Redaktør Peder Nordsjø i Ofotens Folkeblad
Norsk presses historie.

Ofotens Folkeblad var ei avis som blei skipa i Narvik i Nordland i 1922, og som blei avvikla i 1956. Avisa skulle vere eit sentrumsalternativ til høgrebladet og arbeidaravisa i Narvik. Avisa vart stogga under andre verdskrigen og fekk problem med å etablere stødig drift etterpå.

Historie

Hausten 1922 grunnla Johannes Bjerkeseth avisa Ofotens Folkeblad. Bondepartiet støtta bladet, men då Bjerkeseth året etter overlét redaktør-ansvaret til Peder Nordsjø, blei det i realiteten eit Venstre-blad. I første nummer skreiv Nordsjø at føremålet med bladet var å fange opp det politiske sentrum og sosialdemokratar, ved å vende seg til Bondeparti- og Venstre-veljarar, så vel som til den moderate delen av Arbeidarpartiet. Dette var parti Nordsjø meinte var demokratiske.

Etter den radikale dreiinga av Arbeidarpartiet etter den russiske revolusjonen var konkurrenten Fremover ein periode kommunistavis. Den andre avisa, Ofotens Tidende, var etter Nordsjø si meining kun styrt av «høireinteresser».

I 1924 selde Bjerkeseth bladet til eit aksjeselskap som overtok både utgjevarrettane og trykkeriet. Som eit «fritt demokratisk diskusjonsblad», blei Ofotens Folkeblad det største og mest utbreidde Venstre-bladet i fylket då Venstre-avisa Nordland mot slutten av 1920-tallet la den politiske kursen mot høgre.

«Avholdsarbeidet» og «distrikternes fremgang», og ikkje minst den kritiske motstanden mot «ultraradikalismen» i Arbeidarpartiet i 1920-åra, var viktige saker for Ofotens Folkeblad. Det førte til at sosialdemokratar kom til i bladet, særleg i tida fram mot samlinga av Arbeidarpartiet. I tillegg ville Ofotens Folkeblad vende seg til distrikta og næringsutøvarar innafor jordbruket utanfor Narvik.

Lagt ned under krigen

Bladet vart lagt ned i 1943 etter hardt påtrykk frå okkupasjonsmakta. Etter andre verdskrigen kom avisa i gang igjen, men måtte stanse i 1951. Johan Snøfugl kjøpte Ofotens Folkeblad, som kom i gang igjen i juli 1952, med utgåver måndag, onsdag og fredag.

Avisa fekk tilbake dei fleste av dei gamle abonnentane. Den nye redaktøren hadde fordelen av å vere åleine om å gje ut morgonutgåver dei aktuelle dagane, og nesten 1/3 av opplaget på 2500 blei selt i laussal. Snøfugl starta i tillegg ei tvillingavis, Nordlendingen, som skulle vere Bondeparti-organ for eit større område i Nord-Noreg. Ofotens Folkeblad blei frå nystarten i 1952 definert som uavhengig borgarleg.

Dei to største konkurrentane, Fremover og Ofotens Tidende, hadde fordel av å ha vorte gitt ut utan stans etter krigen. Begge hadde rotasjonspresser, medan Ofotens Folkeblad trykte på arkmaskin. I januar 1956 avvikla Snøfugl avisverksemda i Narvik og la dermed ned Ofotens Folkeblad. Trykkeriet vart flytta til Trøndelag, og blei utgangspunkt for mellom anna Bygdebrevet, Trønderbladet, Gaula og Snøfugl Forlag.

Fakta

  • Ofotens Folkeblad: fyrste nr. 22.11.1922, fyrste red. Johannes Bjerkeseth.
  • Ofoten Folkeblad frå nr. 60 i 1927. Førebels siste nr. 12.3. 1943.
  • Fyrste nr. etter krigen 2.6.1945. Siste nr. 23.12. 1955.
  • Avisa kom ikkje ut i perioden 26.10. 1947–14.12. 1948 og 15.12. 1951–6.7. 1952.

Opplag

År Opplag
1932 1500

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg