Hopp til innhold
X
Innhald

Ofotens Tidende

Ofotens Tidende var den eldste avisa i Narvik, grunnlagd i 1899. Ho overlevde i vel hundre år. Den borgarlege avisa var leiande i byen fram til 1950-åra, då arbeidaravisa Fremover tok over hegemoniet.

Narvik grodde opp som by etter anleggsarbeidet mellom 1898 og 1902. I 1907 hadde byen hatt elleve ulike aviser, og den eldste av dei, Ofotens Tidende (OT), med første nummer 13. mai 1899, blei etablert av den kvenske typografen Isak Wilhelm Taavonike Johansen. Etter salet av avisa Nordlændingen i Svolvær tok Johansen trykkpressa til Narvik i 1897. Her medverka han òg i avisutgivingane av Dagens Nyt og Ofotens Dagblad. Han var redaktør og utgivar av OT, inntil eit interessentselskap overtok i 1902. Dei tok sikte på å etablere eit dagblad under namnet Narvik Dagblad, og frå og med juli 1902 kom OT ut to gonger i veka, saman med Narvik Dagblad, som var dagsavisa. Dette varte berre ut året. OT blei aldri dagsavis.

OT var truleg meint som Venstre-avis, men Johansen gjekk ut av bladet i 1902, og frå då var avisa såkalla «upolitisk». Venstremannen Oscar Thue frå Bodø etablerte òg ei Venstre-avis, Narvik Tidende, i juni 1900, og denne avisa heldt det gåande fram til 1910. Stadig låg Narvik Tidende i strid med OT om viktige kulturpolitiske og ideologiske spørsmål.

Fram til Høgre og Frisinnede Venstre tok over Ofotens Tidende i 1924, hadde avisa eit borgarleg tilsnitt. Carl Næsje fungerte då som redaktør, og Næsje-familien blei i avishuset fram til siste nummer i 2000. Opplaget var 700 i 1910 og 3000 i 1927, med to utgåver i veka. I 1940- og 50-åra kom avisa ut tysdag, torsdag og laurdag.

Ofotens Tidende var den einaste av dei fire avisene i byen som ikkje gjekk inn under andre verdskrigen, men fekk heller ikkje krav om inndraging etter krigen. OT var den største avisa i Narvik fram til 1957/58, då Arbeidarpartiet si dagsavis Fremover tok over som nummer ein-avis, med eit opplag på 6110 eksemplar, mot OT sine 6094. I 1979 nådde OT ut til 22 prosent av husstandane i Narvik, medan 16 prosent av husstandane i Evenes og 15 prosent i Ballangen las bladet. Utover det nådde avisa lesarar i Gratangen, Lavangen og Tjeldsund.

Då avisa gjekk inn i 2000, vekte det oppstyr. Med 12 000 lesarar og to utgåver i veka hadde annonseinntektene gått tilbake etter at kommunale institusjonar slutta å annonsere. Likevel var avisa livsfrisk, og fleire meinte at nedlegginga var unødvendig. Mange meinte òg at meiningsmonopolet til A‑presseavisa Fremover i Ap‑styrte Narvik ville bli formidabelt, og sakna det korrektivet OT alltid hadde vore i mange viktige saker.

I 2007 lanserte eit nytt selskap nettavisa Ofotens Tidende, som heldt det gåande til 2009. Året etter kom ei ny nettavis, Ofotens Tidende 2.0, som skifta namn til Ofoting, etter protestar frå dei gamle eigarane av Ofotens Tidende.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017