Hopp til innhold
X
Innhald

Oplandenes Avis

Oplandenes Avis var verket til målmannen og Venstre-politikaren Olaus Arvesen, og han fekk sjølvaste Ivar Aasen til å skrive i Hamar-avisa. Då Arvesen slutta, dreidde avisa mot høgre og gjekk inn i Hamar Stiftstidende.

Målmannen Olaus Arvesen blei sparka frå redaktørstolen i Hamar Stiftstidende og svarte straks med å grunnleggje konkurrenten Oplandenes Avis i 1872. Avisa var «Organ for det uavhængig frisinnede venstre». Han fekk Ivar Aasen til å skrive i avisa, og Arvesen var i tillegg til å vere redaktør både ansvarleg utgivar og ikkje minst eigar av trykkjeriet som produserte avisa. Oplandenes Avis kom ut to gonger i veka, men auka i 1879 til tre utgivingar og frå 1889 til seks. I 1880-åra arbeidde mellom anna seinare statsråd Johan Castberg i avisa. Politisk høyrde Arvesen til krinsen rundt Johan Sverdrup, og i 1879 blei han vald til vararepresentant til Stortinget. I perioden 1892–94 møtte han som fast representant for Venstre, og i 1896–97 som vararepresentant.

Etter at Arvesen slutta i Oplandenes Avis i 1906, dreidde avisa mot høgre.

J. Konstad var redaktør ein kort periode før Ivar Bergan overtok. Gerhard Jynge blei ny utgivar. Avisa var ein reell konkurrent til Hamar Stiftstidende. Politisk låg dei to avisene no tett opp til kvarandre, og i 1916 gjekk framståande menn i Hedemarkens amt saman om å etablere eit aksjeselskap for å slå dei to avisene saman. 30. juni 1916 kom Oplandenes Avis ut for siste gong. E. Bühring Dehli overtok som redaktør i den nye avisa, med det fantasifulle namnet Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis. 

Ved vala i 1903 og 1906 samarbeidde Frisinnede Venstre med Høgre under namnet Samlingspartiet, og seinare stilte dei liste saman ved stortingsvalet. Den politiske ståstaden til Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis blei grundig fastslått i det første nummeret av den nye avisa, 1. juli 1916. På leiarplass skriv redaktøren: «I politisk Henseende vil de forenede Blade som Organ for Høyre og det frisinnede Venstre arbeide for en fremskrittsvenlig moderne Politik og med bestemt Motstand mot Socialismen søke at samle flest mulig fra de borgerlige Partier.»

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017