Ørsta Avis
Historie
Soga om Ørsta Avis handlar også om «Bergmann-tradisjonen». I fleire ættledd har Bergmann-familien vore trykkerieigarar, og som del av dette også vore med på å gje ut aviser fleire stader i landet. Johan Ludvig Bergmann (1842–1925) kom frå Stjørdal (Stjørdalens Tidende) til Ålesund (Sunnmørsposten) i 1888, og flytta så med familie til Ørsta i 1900 og starta trykkeri der. 1902 tok han til å gi ut Søndmøre Avis, den første avisa som kom ut i Ørsta.
Avisa var riksmålsavis redaksjonelt, men hadde òg band til avisa Aarvak i Ulsteinvik som gjekk inn i avisa i 1921. Same året heldt Søndmøre Avis fram som Sunnmøre og kom ut i Volda til 1926. I desse åra var Torleiv Bergmann (1884–1946) utgjevar. Sunnmøre markerte seg som organ for Venstre, og på landsmål.
Framhaldet blei Ørsta Avis, med første utgåva 19. mars 1926. Bladet skulle ha stoff av særleg interesse for Ørsta-folket heime og ute, og spaltene var opne «[...] for saklege ordskifte um ymse ting som var uppe i tida».
Den første tida kom Ørsta Avis ut kvar fredag, nokre år seinare to gonger i veka, med fem spalter og fire sider, med Sigurd Bergmann (1871–1957) som utgjevar og med eige prenteverk. Avisa var upolitisk. Det meste var skrive på nynorsk. Tilbod om eigne trykkeritenester var med gjennom alle åra.
I juli 1934 tok Ørsta Avis steget over til tre utgåver i veka, med ei sterk oppmoding om å tinge og lyse i avisa, slik at sambygdingane skulle sleppe «[...] å verte vist til meir eller mindre pålitande uppslag i kassor og på stolpar». Tor Bergmann (1910–2005) var no utgjevar.
Stans i bladutgjevinga
27. september 1940 blei det stans i bladutgjevinga, med tilvising til både usikker trykkeriteknisk satsing og samtida. 23. november 1940 kom det ny melding om at Ørsta Avis no heldt fram som dagblad, i samarbeid med Ålesunds Avis, og med ambisjonar om å bli eit felles tiltak for søre Sunnmøre.
Avisa skulle koste tre kroner for kvartalet. Som dagblad blei avisa prega av meir nasjonalt, internasjonalt og tidlaust stoff. 11. januar 1941 var det slutt med Ørsta Avis. Dei gamle tingarane hadde svikta, og driftsgrunnlaget sameleis. I avslutningsorda skreiv Ørsta Avis at «[...] Ørsta og Volda er pålag bykommuner å rekna, og det var ikkje meir enn rimeleg at søre Sunnmøre hadde fått sitt eige lokaldagblad. Men det vert vel ein gong».
Fakta
- Søndmøre Avis: fyrste nr. 12.2.1902, siste nr. 29.9.1921.
- Skifta namn til Sunnmøre: fyrste nr. 3.10.1921, siste nr. 31.3.1926.
- Heldt fram som Ørsta Avis: fyrste nr. 19.3.1926, siste nr. 11.1.1941.
- Aarvak: fyrste nr. 29.5.1909.
- Førebels siste nr. 10.4.1912.
- Starta opp att 27.5.1916, siste nr. 21.4.1921, deretter opptatt i Søndmøre Avis.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.