Hopp til innhold
X
Innhald

Øyavis

Øyavis, lokalavis som dekkjer øykommunen Midsund ytst i Romsdal. Avisa kjem ut berre éin gong i månaden.

Midsund fekk si lokalavis 10. mars 1983. Avisa vart til etter initiativ frå fem lærarar. Første nummeret heitte berre LOKALAVIS, men etter ein namnekonkurranse endra avisa namn til Øyavis. Avisa har heilt frå starten kome ut berre éin gong i månaden.
Den nye avisa vart godt motteken og kunne allereie i oktober året etter starten presentere abonnent nummer 1000. I 1986 var dei fem som starta avisa, reduserte til to: Arve Misund og Odd Fremstedal.
Det tekniske utstyret var enkelt, og avisa var avhengig av mykje dugnadsarbeid. Men etter kvart vart nyare og arbeidssparande teknologi teken i bruk også her. Avisa vert i dag trykt i Polaris Trykk Ålesund AS.
Avisa er eigd av Øyavis ANS, eit selskap med Arve Misund og Odd Fremstedal som aksjonærar. Desse to har no i fleire år drive avisa i lag. Dei har ofte skrive leiarartiklar med klare meiningar, og avisa har satsa på debattstoff.
I 2010 var opplaget 1941 eksemplar, og avisa dekkjer praktisk talt alle husstandane i øykommunen, pluss utflyttarar. Redaktør er Arve Misund, medan Odd Fremstedal er dagleg leiar. Avisa kjem ut torsdag midt i kvar månad og er redigert på nynorsk. Avisa har ei enkel nettutgåve.
Kjelder
Samtale med dagleg leiar Odd Fremstedal 28.2.2011
Tidlegare årgangar av avisa (på mikrofilm)
Peikarar

Først publisert: 05.02.2014
Sist oppdatert: 05.02.2014