Hopp til innhold
X
Innhald

Ryfylke

Avisa Ryfylke i Sauda skulle stå for norskdom, målsak og fråhaldssak, med brodd mot bykultur og storindustri. Seinare fann avisa og industrisamfunnet seg betre til rette med kvarandre, sjølv om det knaka under streiken i 1970. Og nynorsken held den lokaleigde avisa framleis på.

Vekeavisa Ryfylke blei skipa på Sand sommaren 1926 i miljøet kring den frilynte Ryfylke Folkehøgskule. Men utgivarstaden var frå første stund den då ganske unge industristaden Sauda, tre mil lenger inne i fjorden. Eit lutlag blei danna for å stå bak utgivinga. Avisa skulle byggje på norskdom, målsak, fråhaldssak og ungdomslagssak. Det var, heitte det, behov for eit upolitisk bygdeblad i Ryfylke «ikkje minst no då bykulturen og storindustrien et seg inn i bygdene våre».

Verdiane frå 1926 har kjenneteikna avisa til denne dag. Om Nils Fløgstad, som døydde i redaktørstolen i 1958, heitte det at han i ungdomen hadde gått på Voss Folkehøgskule, der han hadde fått «anda fritt i Grundtvigs og Eskelands ånd». Sidan var enkja hans, Dagny Salveson Fløgstad, redaktør i 23 år, fram til 1981.

Ryfylke skulle vere eit upolitisk bygdeblad. Men det Bonde-Ryfylke som skipa avisa, var samstundes på vakt overfor storindustrien og det kulturskiftet han kom til å føre med seg. Avisa målbar lenge motstand mot industriverdiar her inst i fjordbotnen. Og ho dyrka bygda og det norske. Samstundes gjekk Ryfylke-perspektivet meir og meir tapt. Ryfylke har dei siste 30–40 åra vore ei rein lokalavis for innbyggjarane i Sauda kommune.

På den tida avisa blei skipa, var det nedgangstider på EFP Co., manganfabrikken i Sauda. Dette viste lite att i spaltene i Ryfylke. Ein finn i det heile lite om arbeidslivet og arbeidsstoda på fabrikken. Den legendariske Sauda-streiken i 1970 blei dekt tilsynelatande nøkternt, og det eine av to parallelle hovudoppslag den dagen streiken var over, var at Sauda hadde fått sin første kallskapellan. Undervegs definerte avisa seg som representant for «den skadelidande tredjemann», men fekk kritikk frå streikekomiteen for utidig innblanding.

Det er for det meste etterkomarar av dei opphavlege luteigarane som eig avisa i dag. Lutlaget vaktar framleis over føremålet frå 1926, med vekt på det som blei formulert som «heimleg vokster». Det vil seie at avisa har som føremål å arbeide for å fremje utviklinga i lokalsamfunnet. Og etter 80 år kunne jubileumsavisa i juni 2006 la yrkesfagelevar ved Sauda vidaregåande skule bryte ut at «Industri er tingen». Kulturavisa Ryfylke hadde gjort ei reise.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017