Hopp til innhold
X
Innhald

Rygja Tidend

Rygja Tidend, ei av dei første nynorskavisene i Rogaland, skipa av Bondeungdomslaget i 1908.

 

Rygja Tidend kom med eit prøvenummer i Stavanger 18. desember 1908, og det første ordinære nummeret kom 8. januar 1909, med læraren og diktaren Einride Tveito som første redaktør. Utgivar var Bondeungdomslaget i Stavanger. Avisa var hovudsakleg eit organ for målrørsla.
Avisa kom først ut éin gong i veka, utvida i 1915 til tre gonger i veka, men sleit med vanskeleg økonomi, og mange redaktørar kom og gjekk. I 1915 vart avisa overteken av lutlaget Rygja Tidend, og frå 1916 var Rogaland ungdomslag utgivar.
Det siste nummeret kom i 1918.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl.: Norsk målreising i 75 år. Oslo 1981
Tom Arbo Høeg: Norske Aviser 1763–1969. Oslo 1973
Norsk Bladmannalag gjennom 10 aar – 1913–1923. J.D. Beyer A/S Prenteverk, Bergen (Bjørgvin) 1923


Sist oppdatert: 28.02.2014