Hopp til innhold
X
Innhald

Samfundsliv

Samfundsliv var organ for Samfundspartiet og Bertram Dybwad Brochmann. Dette partiet braut med tradisjonelle politiske mønster, og lét seg ikkje plassere i nokon bås. Etter krigen spela verken partiet eller avisa noka sentral politisk rolle.

Bak etableringa av avisa Samfundsliv i 1931 stod Bertram Dybwad Brochmann. Innhaldet i avisa bar tydeleg preg av den særeigne samfunnslæra til grunnleggjaren. Dybwad Brochmann utdanna seg først til gartnar, men interesserte seg òg tidleg for samfunnsspørsmål. Heller enn tradisjonelle, sosialøkonomiske tenkjemåtar heldt han fram eit radikalt, holistisk samfunnssyn. Innanfor dette synet var det lagt vekt på sosialpsykologiske tilnærmingar, idet enkeltindivida skal oppleve samanheng innanfor det samfunnet dei lever i, på same tid som han kravde at makta som staten, kyrkja og kapitalistar hadde, skulle bli løyst opp. Her skulle ein leve saman i eit kollektiv, som etter denne ideologen skulle vere sjølvregulerande.

I Samfundsliv kunne Dybwad Brochmann gi uttrykk for desse ideane og etablere seg som samfunnskritikar. Gjennom avisa kunne han nå ut, skape debatt og finne meiningsfeller. Dessutan hadde han i 1929 skipa Det Frie Samfunds Forlag. Han kunne såleis også gi ut bøker om den nye samfunnslæra. Vidare reiste han landet rundt og markerte seg som folketalar i 1930-åra. Sjølv om tankane han ytra, fekk ganske liten tilslutnad, fann han ein del meiningsfeller på Vestlandet. I 1933 grunnla han Samfundspartiet og blei vald inn som stortingsrepresentant frå Bergen same året.

Å nytte ulike formidlingskanalar var viktig for å skape blest rundt læra, men også for å engasjere seg i den aktuelle samfunnsdebatten. Dybwad Brochmann kvidde seg lite for å markere eigne standpunkt, og som den einaste stemte han imot steriliseringslova i 1934. Før krigen åtvara han i skarpe ordelag mot den framveksande nazismen. Straks etter krigsutbrotet uttrykte han meiningar som kunne tolkast som forsvar for Hitlers økonomiske politikk, noko som førte til at han blei domfelt under rettsoppgjeret og i ettertid måtte streve for å nå fram i det offentlege rommet. Dybwad Brochmann heldt likevel fram som skribent og publiserte foredrag på grammofonplater og på eige forlag. Etter 1954 kom Samfundsliv ut som tidsskrift fram til 2010.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017