I 1947 blei Sogns Tidend innlemma i avisa Sogn og Fjordane, og to år etter tok Svartefoss over som utgjevar. Avisa fekk meir preg av å vere ei Venstre-avis då Svartefoss tok over. I Indre Sogn stod Venstre sterkt, men på 1950-talet var oppslutninga til partiet på veg nedover også der.
Sogn og Fjordane tapte difor for både nye og gamle utfordrarar frå 1950-talet og utover. Mellom andre vann den sosialdemokratiske avisa Sogn Dagblad abonnentar frå avisa Sogn og Fjordane i aust og vest. Ti år seinare fall også avisa sitt kjerneområde, Midtre Sogn og Luster, for Sogningen/Sogns Avis, under redaktør Hans Arnesen.
I 1957 braut Svartefoss med boktrykkar Ingvald Husabø, flytta avisa til ein ny stad i Leikanger og etablerte moderne rotasjonspresse. Vel tretti år seinare, i 1993, måtte den økonomisk svake avisa Sogn og Fjordane gå inn i Sogningen/Sogns Avis, som blei trykt i Husabø sitt prenteverk. Dei to avisene i Leikanger blei frå 1993 slått saman til Sogn Avis.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.