Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane i Leikanger var den største avisa i fylket dei to første tiåra etter krigen. Men så kom utfordrarane på offensiven, og det var ikkje plass til alle. Sogn og Fjordane blei fusjonert inn i Sogningen/Sogns Avis og deretter Sogn Avis.

Avisa Sogn i Leikanger blei skipa i 1932 og var forløparen til avisa Sogn og Fjordane, som gjennom to tiår etter krigen skulle bli den største i fylket. Erklært partipolitisk fri skulle dette bli alt anna enn ei politisk likesæl avis. Mannen bak Sogn var ingen storsnuta utropar av samtida sin skepsis til eit etablert partisystem. Men med basis i avisa Sogn og Fjordane markerte utgivar og bladstyrar Ivar Tveit seg snøgt som ein av dei skarpaste politiske observatørane i samtida.

Leikanger sin sterke posisjon som avisbygd tok av i 1932, då ein ambisiøs boktrykkjar og ein røynd pressemann flytta frå Vik. Ingvald Husabø etablerte eit nytt trykkjeri, og Ivar Tveit skipa ei framtidsretta avis. Fire år seinare endra han namnet frå Sogn til Sogn og Fjordane. Avisa hadde då om lag 3000 i opplag og var den største i fylket i nesten 30 år.

Under krigen delte Tveit bladstyraransvaret med Einar Svartefoss. Tveit måtte rømme til Sverige, og Svartefoss blei arrestert for motstandsarbeid og måtte seinare gå i dekning ei tid. Likevel greidde parhestane å gi ut avisa gjennom krigen.

I 1947 blei Sogns Tidend innlemma, og to år etter tok Einar Svartefoss over som utgivar. Avisa fekk då stadig meir preg av å vere ei Venstre-avis. I Indre Sogn stod partiet sterkt, men i 1950-åra var glanstida til Venstre på hell også her. Ivar Tveit sitt opphavlege Sogn frå 1932, ikkje utan Venstre-sympati, men påpasseleg med å hevde den frie stillinga si, hadde vore ein vinnar. Einar Svartefoss sitt Sogn og Fjordane, frå femtiåra og utover, tapte for nye og gamle utfordrarar. Sosialdemokratiske Sogn Dagblad plukka frå avisa Sogn og Fjordane sine framskotne tingarfrontar i aust og vest. Ti år seinare fall også avisa sitt kjerneland, Midtre Sogn og Luster, for Sogningen/Sogns Avis-redaktør Hans Arnesen sitt tabloide stormløp.

Einar Svartefoss si tid som aviseigar startar og sluttar med boktrykkjar Ingvald Husabø sin posisjon i det sognske avislandskapet. I 1957 braut Svartefoss med Husabø, flytta avisa til ny stad i Leikanger og etablerte moderne rotasjon. Vel tretti år seinare, i 1993, måtte den økonomisk svake avisa Sogn og Fjordane gå inn i Sogningen/Sogns Avis, som blei trykt i Ingvald Husabø sitt prenteverk. Dei to avisene i Leikanger blei frå 1993 Sogn Avis.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017