Hopp til innhold
X
Innhald

Sør-Trøndelag

Avisa Sør-Trøndelag på Orkanger er det einaste som har overlevd av mange bladtiltak i Orkla-dalføret. Sør-Trøndelag greier seg til gjengjeld godt som samlande, uavhengig lokalavis, eigd av Polaris Media i Trondheim.

Av dei ofte spinkle bladtiltaka som opp gjennom åra har gløtta fram i Orkla-dalføret, er avisa Sør-Trøndelag på Orkanger den einaste som har greidd seg. Ho kom frå 1908 som Søndre Trondhjems Amtstidende, frå 1920 som Sør-Trøndelag. Enno i 1950-åra kunne ein høyre eldre menneske i dalføret snakke om «Amsti'na». Det vanlege var «Sørtrønder'n». På dagens grasrotmål blir det gjerne til «Søra».

Dei fleste av dei vel hundre åra har avisa kome ut tre dagar i veka, så fire ei stutt tid. Sidan hausten 1981 har den rørige hundreåringen kome fem dagar, frå og med tysdag.

«Søra» markerer seg som distriktsavis serleg i Hemne, Snillfjord, Agdenes, Meldal, Orkdal og Skaun i Sør-Trøndelag fylke, og dessutan i Rindal i Møre og Romsdal. I desse sju kommunane bur det rundt rekna 30 000 menneske, av dei ein dryg tredel i Orkdal, der dekninga er nær 70 prosent. Elles er opplaget på noko over 6000, spreidd noko ujamt – frå vel 63 prosent i Meldal til om lag 30 i Skaun og Rindal. Ikkje lenge etter starten prøvde avisa gjennom oppkjøp, men utan serleg hell, å få fotfeste i Gauldalen, og dekte Oppdal og Rennebu. Avisa heldt seg òg ei tid med utanriksspalte.

Det var boktrykkjaren Rasmus Kongsvik som fekk avisa i gang. Etter nokre få år kom ho over på fleire lokale hender. Både den gongen, og då avisa kom ut ved frigjeringa etter å ha vore stansa sidan hausten 1942, blei det presisert at ein hadde å gjere med ei Venstre-avis, noko det lenge var lett å lese seg til. Som elles i norsk presse bleikna partistempelet etter kvart og er no for lengst borte. Nokre år fram til 1991 var Dagbladet innom på eigarsida, men i 1999 blei avisa dotterselskap i Adresseavisen-gruppa. Dermed er ho no blitt ein del av Polaris-konsernet.

Godt synleg gjennom det første halvsekelet står profilen til lærar og redaktør Erik Aarvik, ein særmerkt mann med ein glitrande penn, som han kunne dyppe i honning, men òg i eiter, om han ein sjeldan gong tykte det måtte til. Ein annan markant redaktør var den seinare kjende forfattaren Per Hansson. I åra rundt 1950 stod Per Hansson hardt på for å spreie avisa også utanfor dalføret. Særleg Rindal og Hemne-distriktet låg han på hjartet. Det har lenge vore tydeleg at dette førte fram.

Med sine vel hundre år er «Søra» i tida, som det heiter, med ei nettavis som har ambisjon om å bli «ultralokal».

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017