Hopp til innhold
X
Innhald

Steinkjer-Avisa

Steinkjer-Avisa er eit sjeldsynt tilfelle. Avisa blei grunnlagd i 1984 som eit superlokalt blad i konkurranse med veletablerte Trønder-Avisa. Nykomlingen har greidd seg godt, og i dag kjem Steinkjer-Avisa ut med Trønder-Avisa som eigar.

Steinkjer-Avisa er lokalavis for utgivarkommunen Steinkjer. Det første nummeret av avisa kom ut 7. august 1984. Til å begynne med kom det to utgåver i veka, tysdag og fredag. Først i 1990-åra blei dette endra, og bladet kjem no ut kvar fredag.

Det var Lothar Viem som etablerte Steinkjer-Avisa. Saman med kona, Bodil Elisabeth Viem, eigde dei bladselskapet med 50 prosent kvar. Det var skepsis i Steinkjer då den nye avisa kom. Korleis kunne det vere mogleg å drive ei avis på same stad som Trønder-Avisa, som hadde eit solid grep om store delar av Nord-Trøndelag fylke, og i særleg grad Innherad og Steinkjer? Men Lothar Viem hadde tru på tiltaket. Han hadde lang aviserfaring, frå Trønder-Avisa, Adresseavisen, Innherreds Folkeblad og Verdalingen. I ti år hadde han gått med planer om å etablere lokalavis i heimbyen.

Til å begynne med hadde dei teknisk produksjon i Steinkjer og trykte avisa hos Namdal Arbeiderblad i Namsos. Dei fekk snart 2000 i nettoopplag og oppfylte kravet til pressestøtte på kortast mogleg tid. I dag blir Steinkjer-Avisa lesen i meir enn 4000 husstandar i og rundt Steinkjer.

Dei tre sønene i Viem-familien var òg med på bladtiltaket, og etter ei tid hadde fem familiemedlemer 1/5 eigardel kvar. I 1995 etablerte Viem-familien i tillegg ei avis i Snåsa, Snåsningen, også der med Lothar Viem som redaktør. Han delte no arbeidstida mellom Steinkjer og Snåsa, gjerne med ein dag og helga i Snåsa og resten i Steinkjer. I fem år dreiv dei begge avisene. I 1999 selde familien Steinkjer-Avisa. Kjøpar var Trønder-Avisa, som då også tok over trykkinga av Steinkjer-Avisa, som dermed gjekk frå tabloidformat til det meir sjeldne (og litt større) berlinerformatet. Lothar Viem var i Steinkjer-Avisa eit halvt års tid etter salet. Sidan har Borgar Jønvik, Odd Birger Grønli og Tore Vikan vore redaktørar. Avisa hadde i 2008 eit opplag på 4229 og kjem ut med gjennomsnittleg 32 sider. Ho kjem no ut i tabloidformat, etter at Trønder-Avisa la ned trykkjeriet sitt.

I 2015 er det sju tilsette, fire av dei i redaksjonen. Faktura- og rekneskapstenester kjøper dei av eigaren, Trønder-Avisa, men elles er avisa heilt uavhengig. Tore Viken er redaktør og kan skode utover torget i Steinkjer frå kontoret sitt.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017