Hopp til innhold
X
Innhald

Stjørdalens Blad

To familiar hadde hand om Stjørdalens Blad dei første 84 åra. Etter ein periode i A pressa er «Bladet» i dag ein del av Polaris-konsernet.

I 1887 kom Johan B. Foss til Stjørdal for å overta redigeringa av den første avisa på staden, Stjørdalens Tidende (etablert i 1877). Foss kom opphavleg frå Meldal og var boktrykkjar med bakgrunn i avis- og trykkjeribransjen i Bodø, Mosjøen og Tromsø.

Eigarane av avisa blei etter kvart misnøgde med Foss sine radikale politiske haldningar. Etter fire år følte Foss at tida var inne for å bryte med Stjørdalens Tidende, og han starta Stjørdalens Blad, som skulle bli «et uafhængigt Venstreblad og arbeide for Demokratiets Fremgang i Stat og Kommune». Johan B. Foss var i 70‑årsalderen då han blei utgivar for den nye avisa. Sonen Johan Foss var redaktør frå starten i 1892 til 1920. Truleg delte han redaktørstillinga ei tid med faren, som levde til 1901.

Stjørdalens Blad heldt fram med å vere venstreavis også etter at «Bladet» fekk nye eigarar i 1920. John A. Schefte tok då over, og han starta også ein bokhandel. Utbreiinga av avisa var den gongen geografisk større enn i dei seinare åra. Schefte var redaktør i Stjørdalens Blad i 37 år. Han hadde mellom anna grunnlagt avisa Innherred i Steinkjer og seinare vore redaktør av Inntrøndelagen i same byen, før han kom til Stjørdal.

I 1921 gjekk Schefte over frå to til tre utgåver i veka, noko som styrkte avisa si stilling i distriktet. Seinare kom bladet igjen berre to gonger i veka, til ut i 1960-åra. Asbjørn Schefte, som byrja i redaksjonen i 1930-åra, var redaktør i 25 år frå 1945, i 12 av åra saman med faren. I 1942 stansa okkupasjonsmakta avisa på grunn av papirmangel, men redaktøren sin frie penn var truleg òg ein grunn.

Folketalet auka, og det bidrog til vekst i opplaget og meir annonsering. Konkurransen var likevel hard, og Steinkjer- og Trondheims-avisene fekk alle etter kvart kontor i Stjørdal, i tillegg til lokalavisene Stjørdalingen og Stjørdalens Blad.

Stjørdalingen var først ute av dei to med å bli trykt i offsetrotasjon, som gav høve til større sidetal. I 1975 kom også «Bladet» i offset, og sidetalet auka frå fire sider i storformat til 16 sider i tabloid, og etter kvart fleire. Bladet voks, og fekk eit forsprang i høve til Stjørdalingen. Endringa skjedde i samband med at Schefte-familien selde Stjørdalens Blad til AS Trønderpresse, som også eigde Arbeider-Avisa i Trondheim. I 1988 blei Stjørdalens Blad skilt ut som eige aksjeselskap direkte under A‑pressen og dekkjer i dag Stjørdal og Meråker. I 2015 blei Stjørdalens Blad kjøpt av Adresseavisen Gruppen og blei dermed ein del av Polaris-konsernet.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017