Faktaboks

Sulaposten
Offisielt namn
SULAPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Langevåg
Stifta
1946
Dagleg leiar
Odd Solnørdal
Styreleiar
Einar Arne Ekroll
Sulaposten logo
Sulaposten.

Opplagstall for Sulaposten, 1988-2023

1988 1594
1990 1589
1991 1542
1992 1605
1993 1898
1994 1965
1995 1994
1996 2009
1997 2019
1998 2346
1999 2452
2000 2413
2001 2452
2002 2410
2003 2419
2004 2443
2005 2438
2006 2470
2007 2465
2008 2414
2009 2476
2010 2453
2011 2316
2012 2316
2013 2367
2014 2304
2015 2290
2016 2201
2017 2124
2018 2162
2019 1998
2020 1988
2021 1933
2022 1858
2023 1911
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Sulaposten er ei norsk lokalavis som kjem ut i LangevågSunnmøre, i papirformat ein gong i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Sulaposten, som er eigd av Haramsnytt AS, er lokalavis for Sula kommune og har mest nynorsk i det redaksjonelle stoffet. Avisa produserer podkasten «Sulalytt».

Historie

Ansgar Slagnes

Sulaposten er eit godt døme på ei lokalavis som blei starta og halden i live av ei eldsjel. Ansgar Slagnes (1905–1998) var frå Vanylven. Han flytta til Langevåg (kommunesenteret i Sula) i 1924 og engasjerte seg i eit breitt spekter av lokale aktivitetar: ulike idrettar, sjakk og bridge, velforeining med meir. I 1946 tok han initiativet til å starte Sulaposten, og nedla heilt ut på 1990-talet eit kolossalt arbeid med avisa, oftast med liten eller ingen økonomisk vinst, stundom reint tap. Han var innom dei fleste av rollene: eigar, utgjevar, redaktør, skribent, sekretær og seljar. Han var «Sulaposten personleg».

Ansgar Slagnes
Sulaposten.

Oppstarten

Sulaposten blei grunnlagt i 1946, av Ansgar Slagnes (1905–1998). Han hadde bakgrunn frå industri og handel, og dreiv i lange periodar også ein kiosk som han nytta til ekspedisjons- og redaksjonslokale for avisa.

Det største problemet for Sulaposten var trykkinga. Dei første åra tok eit lokalt trykkeri i Langevåg seg av dette arbeidet, men så blei avisa sagt opp og måtte utanbygds for å bli trykt. I 1967 blei det så vanskeleg at Slagnes la ned avisa, og ho kom ikkje skikkeleg i gang igjen før i 1975.

Ei avis for særskilde høve

Men heilt daud var avisa ikkje. Ved særskilde høve klarte Slagnes likevel å få gitt ut nokre spesialutgåver. Tidlegare var øya Sula, like sør for Ålesund, ein del av Borgund kommune. I 1965 blei Borgund slått saman med Ålesund, og Sula blei del av ein endå større kommune.

Etter samanslåinga med Ålesund fekk ei eiga bygdeliste for Sula stor oppslutning ved kommunevala. I 1969 såg kampanjen «Sula eigen kommune» dagens lys. Aktivistane meinte at dei fekk for lite tilbake av alle dei skattepengane som dei betalte til Ålesund. Sulaposten slutta heilhjarta opp om kampanjen, og heldt seg dermed i live. Sulaposten kom ut før kommunevala og gjorde særleg inntrykk med ei stor gratisutgåve då Tallaksen-komiteen (som skulle studere kommunestrukturen i landet) kom på besøk i 1974.

Ny giv

Frå årsskiftet 1974/1975 var Sulaposten igjen i full drift. I 1977 blei Sula eigen kommune. Handelslekkasjen til dei store kjøpesentra i nabokommunen Ålesund var stor, og avisa var derfor viktig for den lokale handelsstanden.

Sulaposten blei dei første tiåra stort sett driven av ein liten dugnadsgjeng, men dugnadsarbeidet blei etter kvart avløyst av faste tilsetjingar på slutten av 1970-talet.

Aksjeselskap og pressestønad

I 1979 blei avisa eit aksjeselskap, etter at ho hadde vore eit personleg selskap for Slagsnes. Men han skaffa seg snart aksjemajoriteten i avisa, og i 1983 tok han fatt på sin siste periode som redaktør – fram til 1989, det året han fylte 84 år. Men også etter dette kunne han, gjennom aksjane sine, styre avisa. I 1990 fekk avisa pressestønad og i 1997 blei ho seld til Sunnmørsavisene AS.

Mediehuset Vårt Land overtok avisa i 1997, men selde fleirtalet av aksjane til Haramsnytt (seinare Nordre) i 2008.

Fakta

  • Fyrste nummer 4. oktober 1946, fyrste bladstyre Tor Bergmann og Ansgar Slagnes.
  • Førebels siste nummer 22. desember 1967.
  • Kom ut sporadisk fram til avisa starta på nytt 23. november 1974

Opplagsutvikling

År Opplag
1998 1594
2000 2413
2003 2419
2006 2470
2008 2414
2012 2316
2015 2281
2018 2160
2020 1988
2022 1858
2023 1911

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og digitalt abonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sulaposten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg