
Sunnhordland
Sunnhordland, lokalavis på Stord, ei av dei eldste avisene i Hordaland og ei av dei få familieeigde avisene i landet.
Stord fekk si første lokalavis allereie i 1902. 1. mai det året kom det
først eit prøvenummer av ei ny avis, Søndhordland. Denne avisa kjem framleis ut på Leirvik i Stord kommune, med namnet
Sunnhordland.
Søndhordland vart grunnlagd av Jens Hystad, ein tidlegare skomakar som likte å skrive, sjølv om han var blind. Dette klarte han med god hjelp av kona si og andre gode medarbeidarar. Til å starte avis fekk han eit lån på 400 kroner. Hystad var Venstre-mann, kjempa for folkestyre, sosiale reformer og målsak, og lét dette setje sitt preg på avisa. I striden før folkerøystinga om EEC (EF) i 1972 gjekk avisa inn for medlemskap.
Cornelius Bergh Bugge, målmann og storinvestor, kjøpte i 1918 ein stor aksjepost i avisa. Ved årsskiftet 1918/19 skifta avisa namn til Sunnhordland, og landsmålet vart redaksjonell målform. Avisa har også i dag nynorsk som redaksjonelt språk.
I 1949 trekte Jens Hystad seg tilbake og lét borna overta. I dag er det 4. generasjon Hystad som eig avisa, som dermed er ei av dei få familieeigde avisene i landet. Sunnhordland kjem ut på tettstaden Leirvik fem gonger i veka. Avisa dekkjer heile Stord og har nokre tingarar også i nabokommunane. Redaktør er Magne Kydland, med Reidar J. Hystad som dagleg leiar. Avisa hadde i 2013 eit opplag på 6559 eksemplar.
Sunnhordland har ei nettavis med variert innhald.
Sunnhordland vart i 2017 kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser.
Kjelder
Peikarar
Sist oppdatert: 26.04.2017