Hopp til innhold
X
Innhald

Sygna

Sygna var ei lokalavis for Sogndal som kom ut i åra 1901 til 1903. Avisa var mellom dei første bygdeavisene i landet som kom ut på nynorsk.

Den første utgåva av Sygna kom 4. oktober 1901 og hadde undertittelen «Vestlandsk Folkeblad». Avisa kom ut i Sogndal ein gong i veka, fram til Sygna gjekk saman med Sogns Tidende i 1903, då Sygna vart flytta ned i undertittelen: «Samanslutta med Sygna».
Skipingshistoria til Sygna er litt kronglete. Det heile starta våren 1896 med at bladet Vestmannen kom i gang. Vestmannen vart etter kort tid til bladet Ungdom. Begge desse blada var, som den sistnemnde tittelen ber bod om, først og fremst retta mot ungdom. Dei sprang ut av det målradikale folkehøgskulemiljøet i Sogndal, der redaktør Jens Kvåle var lærar.
Sygna var resultatet av at redaktør Kvåle tykte det var på tide å vende seg mot eit breiare publikum, etter fem år med Ungdom. Sygna, prenta på same prenteverket som Vestmannen, var ei av dei første nynorske bygdeavisene i landet.
Etter at konservative Bergenhus Folketidende gjekk inn i 1896, baud avismarknaden i Sogndal på gode høve for avisdrift, og det var i lang tid berre Jens Kvåle som gav ut avis her. Opplagstala for denne tida er ikkje kjende, men Sogns Tidende var utan tvil langt større enn Sygna då Sygna kom til Sogndal.
Redaksjonell profil
Folkehøgskulelæraren Jens Kvåle var det faste punktet gjennom dei tre blada/avisene si levetid. Han tok over utgivaransvaret for Vestmannen allereie etter nokre veker, og frå juni 1896 tok han over som bladstyrar. Han vart sitjande som redaktør for både Ungdom og Sygna. Etter fusjonen sat han òg som redaktør gjennom størsteparten av Sogns Tidende si levetid.
Kvåle var venstremann, og det kom klart fram i avisene han gav ut. Det å velje landsmål som redaksjonsspråk var i seg sjølv ei radikal handling. Ei avis på nynorsk var sjølvsagt første og fremst eit standpunkt i målsaka, men dette valet hadde klare politiske band til ønsket om oppløysing av unionen og allmenn røysterett. Dette var ein risiko å ta i ei usikker tid, men ved å gi ut avisa sjølv hadde Kvåle òg fridomen ved ikkje å ha eit forretningsorientert styre å ta omsyn til.
Samanlikna med Sygna var Sogns Tidende ei tradisjonsrik avis ved fusjonen i 1903, med sine 25 årgangar. Sogns Tidende kom ut to gonger i veka, Sygna berre ein. Likevel var det Jens Kvåle og Sygna som saman med typografen Erik Natvik kjøpte opp Sogns Tidende og flytta avisa frå Lærdal til Sogndal. Vidare var det Sogns Tidende som vart vidareført i namnet, men Sygna sin profil var heilt klart med på å prege den nye, større avisa. Jens Kvåle vart redaktør, og frå 1903 hadde Sogns Tidende nynorsk som redaksjonsspråk.
Kjelder
Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 2 og 4. Oslo 2010
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Først publisert: 24.07.2014
Sist oppdatert: 24.07.2014