Syn og Segn, desember 1926
Syn og Segn nr. 10/1926, framside
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Syn og Segn nr. 1/2021
Syn og Segn nr. 1/2021, framside
Syn og Segn nr. 1/2021
Syn og Segn.

Syn og Segn er eit norsk tidsskrift, grunnlagt i 1894, gitt ut av Det Norske Samlaget. Tidsskriftet har fokus på politikk, litteratur og samfunn. Tidsskriftet blir gitt ut på nynorsk og kjem ut fire gonger i året.

Kvaliteten på forma og innhaldet har gitt tidsskriftet ry som ei påliteleg kjelde for kunnskap og sakleg ordskifte. I tillegg har det nærmast vore rekna som modell og stilideal for nynorsk språkføring, noko som var grunnlaget for at det i nokre tiår hadde ei uvanleg sterk utbreiing blant norsk skuleungdom. Med over 13 000 abonnentar i 1968 var det eit av dei mest utbreidde tidsskrifta i Europa. Fram til 1951 låg tingartalet kring 1000, medan det frå 1990-åra har lege mellom 2000 og 4000.

Etablering

Det allmennkulturelle tidsskriftet Syn og Segn vart grunnlagt i 1894 og har frå skipinga vore redigert på nynorsk og gitt ut av Det Norske Samlaget. Alt i 1872 vedtok årsmøtet i Samlaget at det var målpolitisk viktig å gi ut tidsskrift, og årsmøtet tok opp att saka i 1891. Tidsskriftet har på same tid gitt plass til det intellektuelle og det folkelege, til det nynorske og det internasjonale, til motkulturen så vel som til høg- og lågkulturelle uttrykk.

Profil

I dei første årgangane dominerte skjønnlitteratur, filosofi og livssyn, men alt dei første redaktørane, Arne Garborg, Moltke Moe og Rasmus Flo, var ivrige etter å krysse faggrensene mellom humanistar og naturvitskapsfolk. Utanrikspolitisk konfliktstoff og oversynsartiklar, Albert Einsteins relativitetsteori og aktuell og klassisk filosofi vart ofte populariserte på forståeleg vis, nettopp fordi fagfolk og ekspertar måtte vere nyskapande og pedagogisk tydelege i ei språkform som tvinga dei til å vere verbale og folkemålsnære.

Namnet på bladet skulle gi assosiasjonar til ordtaket «få syn for segn», og det opphavlege programmet var nettopp å målbere syn og synsmåtar, segn og soge, historisk tradisjon og litterær nyskaping. Slik vart Syn og Segn redigert etter same mønster som andre allmennkulturelle tidsskrift i 1890-åra, til dømes Samtiden (skipa i 1890) og Kringsjaa (1893–1910). Også nynorskavisa Den 17de Mai vart skipa i 1894, og dei i hovudsak intellektuelle redaktørane i desse pionertiltaka hadde som mål å skrive forståeleg og folkeleg, også om tyngre og innfløkte emne.

Frå starten var litteraturen eit viktig felt for Syn og Segn, og tidsskriftet prenta enkeltdikt, noveller og artiklar om dikting og forfattarskap. Bokmeldingane kom under vignetten Boksjå, og medan dei fram til 1910 berre skreiv om nynorske bøker, valde skriftstyret seinare å omtale alle delar av bokhausten. I tråd med det språkpolitiske programmet for Samlaget såg skriftstyret og meldarane det som like viktig å melde fagbøker som skjønnlitteratur. Mange kjende skjønnlitterære nynorskforfattarar har gjennom åra fått enkeltdikt og gjendiktingar på trykk, og ved ulike diktarjubileum har tidsskriftet også hatt fyldige særnummer om forfattarskapar.

Om bokmeldingane i nokre tiår bar preg av ei snever nynorskintern vurdering, var dei ulike skriftstyrarane frå starten av medvitne om det viktigaste: å syne at nynorsken kunne brukast til å skrive om alle tenkjelege og utenkjelege emne. Naturleg nok har Syn og Segn ofte gitt plass til fleire målpolitiske artiklar og ordskifte, men redaksjonsprinsippet har likevel vore: ikkje om, men målet.

Mange Syn og Segn-redaktørar har sjølve vore markante og flittige skribentar, noko som også prega tidsskriftet, og medan Halvdan Koht tidleg skreiv perspektivrikt om utanrikspolitikk, introduserte Arne Garborg Friedrich Nietzsche og Leo Tolstoj. Frå første årgang la ein vekt på at mengda av humanistiske artiklar måtte supplerast med stoff om utanrikspolitikk og fag som sosialøkonomi, psykologi, fysikk, naturvitskap, biologi, medisin og astronomi. Så lenge ein hadde ti hefte i året, var det også rom for at tidsskriftet var forum for offentleg ordskifte.

Stor utbreiing i 1960-åra

Den medvitne spreiinga i emneval har for Syn og Segn heile tida hatt eit målpolitisk siktemål: Unge og gamle, lek og lærd skulle her finne ein skriftstad med spenstige og pålitelege artiklar om emne og felt som ein elles ikkje kunne lese om på nynorsk.

Det språkpolitiske nybrottsarbeidet og den programmatiske emnespreiinga var mykje av bakgrunnen for den eventyrlege auken i tingartalet som Syn og Segn opplevde frå slutten av 1950-åra og fram mot 1980-åra. Frå 1890-åra og fram til 1950 hadde tingartalet lege kring 1100, medan det i 1956 bykste til 3000, i 1961 til 8600, i 1968 til 13 400, og utetter i 1970-åra svinga det mellom 5000 og 8000. I same perioden låg tingartalet hos tidsskriftkonkurrenten Samtiden stabilt på omkring 1100.

Hovudtyngda av dei nye tingarane var dei store etterkrigskulla med gymnasiastar, rekrutterte som lesarar og verva av lektorane etter ein modell utvikla av Bjarte Birkeland, Syn og Segn-redaktør frå 1960, redaksjonssekretær 1950–1953. Med dei demokratiserande skulereformene fekk større elevkull tilbod om å kombinere auka allmennkunnskapar med å få leseøving i god og korrekt nynorsk. Professor og mangeårig riksprogramsjef i NRK Olav Midttun, som var skriftstyar i Syn og Segn i heile 42 år, var oppteken av folkeopplysningsarbeid og popularisering.

Det var nok Bjarte Birkeland som i si redaksjonstid innleidde ei skjerping av at Syn og Segn i form, innhald og emneval skulle ta omsyn til kva stilskrivande gymnasiastar hadde behov for. Utan at det verka altfor overstyrande på redigering og rekruttering av skribentar, vart dette med suksess vidareført av dei ulike skriftstyrarane fram til 1980-åra, og både den unikt store lesarspreiinga og kvaliteten på skribentar og artiklar la i desse åra grunnen for at tidsskriftet hadde så høg status på tvers av språk- og partipolitiske skiljeliner. I mange år var korkje redaktør- eller redaksjonssekretærstillingane løna, men verv ein hadde ved sida av anna arbeid. Med si unike og ryddige språkkjensle stod redaksjonssekretær Olav Hr. Rue i ei særstilling. Han vidareførte garantien for at ein har kunna vise til nynorsken i dette bladet som eit språkleg ideal.

Redaktørar som Magne Skodvin, Bjarte Birkeland, Berge Furre, Bjarne Fidjestøl og Andreas Skartveit stod for nyskapande vidareføring av lina til Olav Midttun, og Syn og Segn hadde i denne etterkrigstida mykje utanrikspolitisk stoff, mellom anna om Algerie, Vietnam, Latin-Amerika, Angola, Jugoslavia, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Sri Lanka, Kina, India og Brasil, og dei fekk også tidleg sett søkjelys på miljøvern, våpenhandel, jordbrukspolitikk og distriktspolitikk og ikkje minst mediemakt.

I tråd med det språk- og kulturpolitiske grunnsynet hadde skriftstyret frå tidleg i 1960-åra oppretta Syn og Segn-ringar i Bergen, Volda, Trondheim, Bø i Telemark og Oslo. Desse gruppene fungerte som emneutvidande og distriktspolitisk korrigerande og skribentrekrutterande redaksjonsråd til ut i 1980-åra.

Endringar i 1980-åra

Med demokratiserande skulereformer frå 1980-åra vart ikkje Syn og Segn lenger naturleg «obligatorisk» tidsskrift for gymnasiastkulla. Frå 1990-åra har tingartalet lege på mellom 2000 og 4000, noko som likevel stadig er mellom dei høgste abonnementstala for europeiske tidsskrift.

Tidsskriftet har endra utstyr og format ti gonger, men om emnespreiinga stadig er stor, har dei siste årgangane meir vore prega av det aktuelle og framtidsretta enn bakoverskodande historiske artiklar. Med sine avgrensa økonomiske ressursar er Syn og Segn eit levande og markant døme på at målstrevet gir seg både nyttige og underhaldande utslag. Frå 1980 kom kvinnene med i skriftstyret, men den viktigaste moderniseringa i form og innhald kom i 1984 med Ottar Grepstad. I hans redaksjonstid vart 1/5 av spalteplassen brukt til å observere og analysere den moderne biletbruken og den visuelle kvardagen.

Seinare redaktørar har i varierande grad vidareført denne tematikken, samtidig som tidsskriftet heile tida har lagt vinn på å få fram forfattarar som med klisjéfritt språk og med originale vinklingar kan skrive artiklar om arkitektur, musikk, reklame, film, ny teknologi, feminisme, politikk, psykologi og litteratur. Mannsdominansen i skriftstyret og mellom bidragsytarane var lenge påfallande, men er vorten retta grundig opp. Også før Bente Riise vart redaktør i 2006, har tidsskriftet hatt markante og originale artiklar som i vinkling og aktualitet har sett dagsorden for ordskifte og oppslag i andre delar av media.

Fram til 1980 kom Syn og Segn ut med ti hefte à 64 sider kvart år, frå 1980 åtte hefte i året, og frå 1984 med fire årlege hefte à 96 sider.

Periode Redaktør
frå 2020 Astrid Sverresdotter Dypvik
2014–2020 Knut Aastad Bråten
2006–2013 Bente Riise
2003–2006 Marit Eikemo og Hilde Sandvik
1998–2002 Nils Rune Langeland
1993–1997 Jan Inge Sørbø
1989–1992 Borghild Gramstad
1984–1988 Ottar Grepstad
1980–1983 Astrid Brekken, Sigrid Straand og Jon Tvinnereim
1977–1980 Sverre Tusvik
1972–1978 Andreas Skartveit
1969–1973 Bjarne Fidjestøl
1967–1972 Berge Furre
1960–1968 Bjarte Birkeland
1951–1959 Magne Skodvin
1908–1960 Olav Midttun
1907–1908 Halvdan Koht
1901–1906 Rasmus Flo, Arne Garborg og Halvdan Koht
1894–1900 Rasmus Flo og Arne Garborg

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Grepstad, O. (1984): «– Koss er det, har du noko 'bladmat'. Brev til og frå Olav Midttun», Syn og Segn 4/1984
  • Ramsvik, E. (1984): «Litteraturen i 'maalheimen'. Den tidlege litteraturkritikken i Syn og Segn», Syn og Segn 4/1984
  • Rytter, O. (1968): «Tidsskriftet», i Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo: Samlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg